Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Torbjørn Røe Isaksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torbjørn Røe Isaksen

Torbjørn Røe Isaksen
Foto: Kjetil Ree
Fødd28. juli 1978 (46 år)
Ålesund kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, spaltist, redaktør
InstitusjonarMinerva
Civita
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Porsgrunn videregående skole
Stridsklev ungdomsskole
Carl Junction High School
VervNorsk arbeids- og sosialminister 24. januar 2020–
FøregangarAnniken Hauglie
VervNorsk næringsminister 17. januar 2018– 24. januar 2020
FøregangarMonica Mæland
EtterfylgjarIselin Nybø
VervNorsk kunnskapsminister 16. oktober 2013–17. januar 2018
FøregangarKristin Halvorsen
EtterfylgjarJan Tore Sanner
VervStortingsrepresentant 2009–2017
VervLeiar i Unge Høgre 20. juni 2004– 22. juni 2008
FøregangarIne Marie Eriksen Søreide
EtterfylgjarHenrik Asheim
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2005–2009)
  • stortingsrepresentant (2009–2013)
  • Norges kunnskapsminister (2013–2018)
  • Norges næringsminister (2018–2020)
  • stortingsrepresentant (2013–2017)
  • Norsk arbeidsminister (2020–2021) Sjå dette på Wikidata

Torbjørn Røe Isaksen (fødd 28. juli 1978) er ein norsk politikar for Høgre. Han var næringsminister i regjeringa Solberg frå 2018 til 2020, og arbeids- og sosialminister frå 2020.[1] Røe Isaksen kom frå posten som kunnskapsminister.

Torbjørn Røe Isaksen kjem frå Porsgrunn i Telemark. Han var leiar i Unge Høgre i åra 2004-2008. Han var nummer to på Høgrelista i Telemark under Stortingsvalet i 2005, og vart vald inn på Stortinget ved stortingsvalet 2009.

Han var redaktør i tidsskriftet Minerva frå 2008 til 2009.[2][3] Han har også markert seg som debattant i mellom anna Morgenbladet og Dagbladet.

Saman med Nikolai Astrup var han redaktør for boka Velferd etter velferdsstaten.

  1. «Endringer i regjeringen». Regjeringa.no. 17. januar 2018. Henta 19. januar 2018. 
  2. Meisingset, Kristian (11. august 2008). «Torbjørn Røe Isaksen ny redaktør i Minerva». Minerva. Arkivert frå originalen 18. januar 2022. Henta 21. august 2010. 
  3. Christensen, Per Aage Pleym (11. august 2008). «Ny redaktør i Minerva». Liberaleren. 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.