Wells
Utsjånad
Wells | ||
---|---|---|
Flyfoto av Wells | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Somerset | |
Distrikt | Mendip | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
10 406 | |
Koordinatar | 51°12′N 2°39′W / 51.200°N 2.650°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | BA5 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1749 | |
Wells er ein liten by i Somerset i England. Han er ein av dei minste byane i landet som har status som city, noko han har fordi han i mellomalderen vart ein katedralby. Namnet kjem frå tre brønnar på eigedomen til bispepalasset.
Bispesetet vart oppretta i 909, og delar av katedralen er frå 900-talet. I 1088 vart setet flytta til Bath, som ligg kort veg unna, men byen heldt katedralen sin og bispedømet fekk nokre år etter flyttinga namnet Bath and Wells.
Byen er eit populært turistmål, både på grunn av attraksjonane i byen og nærleiken til Bath, Stonehenge og andre stader.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wells» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.