Wario
Utsjånad
Wario | |||
| |||
Sjanger | Plattform, action | ||
---|---|---|---|
Utviklar(ar) | Nintendo | ||
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Plattformer | Game Boy, Game Boy Color, Game Boy Advance, GameCube, Nintendo DS, Wii, Wii U, 3DS | ||
Fyrste spel | Wario Land: Super Mario Land 3 (1994) | ||
Siste spel | WarioWare Gold (2018) |
Wario er ein figur frå Mario-serien til Nintendo, som opphavleg var laga som ein erkerival til Mario. Han dukka opp for første gong i Game Boy-spelet Super Mario Land 2 frå 1992, som hovudfiende og «sisteboss».
Namnet Wario er eit samantrekt ord av Mario og det japanske ordet warui (悪い), som tyder «slem».[1] Wario var laga av Hiroji Kiyotake og får stemme frå Charles Martinet, som gjev stemme til mange andre figurar i Mario-serien.[2][3]
Wario har vorte hovudperson og antihelt i Wario Land- og WarioWare-seriane, i tillegg til andre spel. Han gjestar også i mange av biprodukta til Mario-serien, som Mario Kart og Mario Party. Figuren har fått positiv mottaking og har vorte ein hevdvunnen maskot hjå Nintendo.
Wario Land
[endre | endre wikiteksten]- Wario Land: Super Mario Land 3
- Wario Land II
- Wario Land 3
- Wario Land 4
- Wario Land: The Shake Dimension
WarioWare
[endre | endre wikiteksten]- WarioWare, Inc.: Minigame Mania
- WarioWare: Twisted!
- WarioWare: Touched!
- WarioWare: Smooth Moves
- WarioWare: Snapped!
- WarioWare: Do It Yourself
- WarioWare Gold
Andre spel
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Nintendo's Line Of Wario Platformers Ended Far Too Long Ago». Kotaku. Henta 3. juni 2018.
- ↑ «Charles Martinet». IMDb. Henta 3. juni 2018.
- ↑ «Charles Martinet er stemmen til Super Mario». NRK. Henta 3. juni 2018.