Raud jonsokblom
Raud jonsokblom | |
Raud jonsokblom | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Nellikfamilien Caryophyllaceae |
Underfamilie: | Caryophylloideae |
Stamme: | Sileneae |
Slekt: | Smelleslekta Silene |
Art: | Raud jonsokblom S. dioica |
Vitskapleg namn | |
Silene dioica |
Raud jonsokblom (Silene dioica) er ein art i nellikfamilien. Arten finst i større delar av Europa og i Nord-Afrika, og finst som forvilla art andre stader i verda.
Planta er ein fleirårig urt, som er 25-70 cm høg. Stilk og blad er oftast mjukt hårete, sjeldan glatte. Blada er lansettforma eller elliptiske, motsett stilte, med ingen eller korte bladstilkar. Blomane veks i knipper mot toppen av planta. Kronblada er purpurraude, i sjeldne tilfelle rosa eller kvite, kløyvde i spissen. Frukta er ein brungul kapsel.
Arten veks i heile landet i veggrøfter, i all kulturmark (beitemark, eng, åker) og på avfallsplassar og rundt industrifelt. Til fjells finst planta nesten opp til 1800 moh.
Planta blomstrar i låglandet frå seint på våren og fram over føresommaren, til fjells i juli-august.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rödblära» frå Wikipedia på svensk, og «Rød jonsokblom» frå Wikipedia på bokmål den 27. mai 2010.
- Floraen i farger, Aschehoug, 3. opplag, 1970.