Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Pund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dette er ein artikkel for masseeininga pund. Pund kan også vere ein eining for pengar, sjå til dømes Britisk pund eller Isle of Man-pund
Nemninga pund er òg brukt om bismarpund

Eit pund er ei eining for mål av masse som har gått ut av bruk i Noreg, men framleis er i bruk i USA og Storbritannia. Ordet pund kjem frå det latinske pondus som tyder vekt.

Skandinavisk pund

[endre | endre wikiteksten]

Noreg fekk felles mål- og vektsystem med Danmark ved forordning i 1683. I lov av 28. juli 1824 vart eit norsk handelspund definert som vekta av 1/62 kubikkfot vatn.

I 1875 vart det norske pundet fastsett til 498 gram. Det svenske pundet var berre 425 gram og vart ofte kalla skålpund. Det er til tider forvirrande at ordet pund også vart brukt om bismarpund - det gjekk 12 skålpund på eit bismarpund.

Eininga er i Det nye testamentet bruka både som måleining for masse[1] og som pengeeining.[2]

Pundet i ulike land

[endre | endre wikiteksten]
  • Preussen, kalla pfund -- 468 gram
  • Bayern, kalla pfund -- 560 gram
  • Austerrike, kalla pfund -- 561 gram
  • England -- 454 gram
  • Noreg -- 498 gram (Frå metersystemet vart innført i 1875, skal pund i eldre avtalar reknast lik 1/2 kg[3]
  • Sverige -- 425 gram
  • Bibelsk mål: 327 gram[4]
  • Eit pund var to merker
  • ei mark var 16 lodd
  • Eit lodd var fire kvintin
  • ein kvintin var fire ort
  • ein ort var 16 æs
  • ein æs var 16 grann

Eit pund som pengevekt eller som medisinvekt hadde anna vekt enn eit vanleg pund.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Joh. 12,3
  2. Luk. 13,2
  3. Lov om metrisk Maal og Vægt (1875) (PDF), arkivert frå originalen 13. august 2011, henta 22. februar 2010 
  4. Ordforklaring i Bibelen, Det Norske Bibelselskap 1978