Prokopios
Prokopios (gresk Προκόπιος, latin Procopius, ca. 500–ca. 565) var ein bysantinsk historieskrivar frå Cæsarea i Palestina.[1] Han er særleg kjend for det samtidshistoriske verket Polemon (latin De bellis, 'Krigar'). Prokopios er hovudkjelda til tida rundt keisar Justinianus I, ei tid då Austromarriket utvida seg kraftig med vest. Prokopios var eit førebilete for bysantinsk historieskriving.[1]
Prokopios var utdanna rhetor eller advokat. Han var rettsleg rådgjevar for Belisarius,[1] som var hærførar for Justinian i fleire krigar, både i aust i Persarriket og i vest. Han var med å Belisarius nedkjempa vandalkongedømet i Nord-Afrika og då han erobra Kartago. Då Belisarius blei kalla tilbake til Konstantinopel i 533, fortsette Prokopios som rådgjevar for etterfølgjaren Solomon.
Då Belisarius blei send for å nedkjempa ostrogotarriket i Italia i 535 følgde Prokopios han dit. Historikaren opplevde den gotiske kringsetjinga av Roma som varte i eitt år og ni dagar, fram til mars 538, og Belisarius si erobring av gotarhovudstaden Ravenna i 540. Då Belisarius blei send på eit nytt oppdrag i 544 ser ikkje Prokopios ut til å ha vore med. Tekstane hans tyder på at tilhøvet mellom dei hadde kjølna.
Det er uvisst kva tid Prokopios døydde. Han er omtalt i det bysantinske oppslagsverket Suda.
Verk
[endre | endre wikiteksten]I verka sine skildrar Prokopios dei austromerske kampane mot persarane, vandalane og ostrogotane i åra 529–553. I Peri Ktismaton (latin De aedificiis, 'Om byggverk') prisa han keisar Justinian som byggherre. I Anekdota (latin Anecdota, 'Uutgjevne skrifter' eller Historia arcana, 'Hemmeleg historie') gjekk han til derimot til åtak mot keisaren og kona hans, Theodora, mot Belisarius og hans kone, og mot andre høgare tenestemenn.[1]
Prokopios skildra klimaendringa i 535-536. Han skildra også herulane sine vandringar mot Nord-Europa, og er blant dei første som skriftleg omtalte danane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Prokopios» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Verk av Prokopios i engelsk omsetjing ved Project Gutenberg
- Procopius i Suda
- «Procopius of Caesarea» i Catholic Encyclopedia frå 1913