Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Plagioklas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plagioklas

Eit fotomikrograf av eit plagioklas krystall under krysspolariset lys. Plagioklaskrystallet syner ein tydeleg banda effekt kalla ein polysyntetisk tvilling.
Generelt
KategoriFeltspat mineral group, tectosilikat
Kjemisk formelNaAlSi3O8 – CaAl2Si2O8
KrystallsymmetriTriklinsk pinakoidal
H-M-symbol: (1)
Romgruppe: C1
Identifikasjon
FargeKvit, grå, blåkvit, raudaktig kvit, grønaktig kvit
KrystallformMassiv til korna
KrystallsystemTriklinsk
TvillingVanleg, albitt-lov striper på {001}[1]
Kløyvgod på {001} og {010}
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala6 - 6.5
Glansglasaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt2.62 (albitt) til 2.76 (anortitt)[1]
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (+) albitt, Toaksa (-) anortitt[1]
BrytingsindeksAlbitt: nα 1.527, nβ 1.532 nγ 1.538
Anortitt: nα 1.577 nβ 1.585 nγ 1.590[1]
OppløyselegheitAlbitt uoppløyseleg i saltsyre, anortitt bryt ned i saltsyre [1]
Kjelder[2]

Plagioklas er ei fellesnemning for blandingsrekka mellom albitt og anortitt (kalknatronfeltspat), og er ei triklin feltspat-gruppe som utgjer ein viktig bestanddel av ei rekkje bergartar. Bergarten anortositt består nesten utelukkande (<90%) av anortitt-rik feltspat.

Plagioklasar kan som oftast skiljast frå alkalifeltspat ved ei karakteristisk tvillingstriping på spalteflatene. Dei utgjer ein blandkrystallserie mellom dei to endeledda albitt (natronfeltspat), NaAlSi3O8) og anortitt (kalkfeltspat, CaAl2Si2O8). Serien vart tidlegare delt inn etter innhaldet av albitt/anortitt i seks ledd: albitt, oligoklas, andesin, labradoritt, bytownitt og anortitt. Ved høg temperatur er det er det fullt mogeleg å blande mellom dei to endeledda, men ved lågare temperatur kan det skje ei avblanding i to fasar.

Kalsiumrik plagioklas vert kalla basisk plagioklas.

«plagioklas» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurbut, Jr.; Manual of Mineralogi, Wiley, 20th ed., 1980, pp.454-456 ISBN 0-471-80580-7
  2. Webmineral data