Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Piratpartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piratpartiet

LandSverige
Partileiar(ar)Magnus Andersson
GrunnleggjararRickard Falkvinge
Grunnlagt1. januar 2006
HovudkvarterStockholm
Medlemstal4 599 (ukjend)
Ideologipiratparti, grønn liberalisme Sjå dette på Wikidata

Piratpartiet er eit svensk politisk parti, som vart grunnlagt den 1. januar 2006 av Rickard Falkvinge. Piratpartiet er eit særinteresse-parti som engasjerer seg i opphavsrettslege spørsmål. Dei rettar seg i hovudsak mot fildelarar med same retorikk som patentkritikarar og grupperingar som arbeider for fri informasjonsspreiing over verdsveven. Partiet har ikkje nokon offisiell politikk på andre område, og «särskilt inte fördelningspolitiska frågor».

Den 15. februar sende Piratpartiet ut ei pressemelding om at dei hadde samla dei 1 500 underskrifter som trengst for registrere eit parti i arkivet til valstyresmaktene i Sverige. I same pressemelding står det òg at partiet kjem til å stille til Riksdagsvalet i Sverige 2006, og at underskriftene var godkjende av styresmaktene.

Pirate Bay-rassiaen

[endre | endre wikiteksten]

Då fildelingsnettstaden Pirate Bay i Stockholm fekk tenarane sine inndregne av svensk politi vart det demonstrasjonar i Stockholm og Göteborg; mellom arrangørane var Piratpartiet og fleire liberale ungdomsparti.

Partiet har hevda i fråsegner at Pirate Bay-rassiaen gav dei mange nye medlemer på berre nokre få dagar. Samstundes skal medlemslistene til partiet ha kome på avvegar etter rassiaen, då tenarparken til Piratpartiet og Piratbyrån vart konfiskert saman med Pirate Bay-tenarane.


Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]