Pietro Anastasi
Fødd | 7. april 1948 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Catania | ||
Død | 17. januar 2020 | ||
Dødsstad | Varese |
Pietro Anastasi (7. april 1948–17. januar 2020) var ein italiensk fotballspelar som spela midtspiss frå Catania på Sicilia. Han vart europameister for Italia i 1968, og trefaldig seriemeister med Juventus, ein klubb som han også vann eit cupgull med.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Etter å ha spela for Serie D-klubben Massiminiana i heimbyen fekk Anastasi kontrakt med Varese i 1966, ein klubb som då deltok i Serie B. Varese rykte opp i Serie A året etter. Sommaren 1968 vart han overført til Juventus for 650 millionar lire. Gjennom åtte sesongar med Torino-klubben var han med å vinne tre seriemeisterskap; 1972, 1973 og 1975. I 1976 gjekk han over til Inter, ein klubb han spela for i to sesongar og som han vann sitt einaste cup-gull med. Tida 1978-81 var han i Ascoli si teneste, før han avslutta fotballkarrieren med ein sesong i sveitsiske FC Lugano. Han spela i alt 338 serie A-kampar, og skåra 105 mål i dei kampane.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Anastasi debuterte for Italia i finalen i EM i fotball den 8. juni 1968, ein kamp som enda uavgjort 1-1 mellom Italia og Jugoslavia. To dagar seinare var det klart for omkamp, der Anastasi var mellom dei som fekk tillit på ny. I den kampen skåra Anastasi og Italia vann EM-tittelen etter siger 2-0. Han fekk ikkje plass i VM-troppen i 1970, men deltok i VM 1974. Hausten 1975 spela han sin 25. og siste landskamp. Han skåra åtte mål.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- EM-gull 1968 for Italia
- Italiensk seriemeister 1972, 1973 og 1975 med Juventus
- Italiensk cupmeister 1978 med Inter
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pietro Anastasi» frå Wikipedia på tysk, den 8. juni 2013.