Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Periferivinkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
ψ er periferivinkelen.

Periferivinkel er ein vinkel med toppunkt på ein sirkelperiferi og bein som anten begge er sekantar til sirkelen eller sekant og tangent eller begge tangentar (i så fall er vinkelen 180°). Gradtalet til ein periferivinkel er halvparten så stort som gradtalet av den sirkelbogen som ligg mellom beina til vinkelen. Ein periferivinkel som spenner over ein halvsirkel er derfor 90°. Periferivinklar som spenner over like bogar, er like.