Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Peder Juell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peder Juell
Fødd4. desember 1769
Vang kommune
Død19. februar 1839 (69 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest, politikar
Alle verv

Peder Willumsen Juell (4. desember 176919. februar 1839) var ein norsk prest og stortingsmann frå Vang i Hedmark. Ole Juell var bror hans.

Juell var son til ein sorenskrivar. Han vart cand. theol. i 1794 og deretter pers. kapellan i Stange året etter. Han var prest på Christiania tukthus frå 1798, i 1801 residerande kapellan i Aker. Sokneprest i Sørum frå 1813 til han døydde, også prost i Nedre Romerike 1820-38.

Juell var 3. representant frå Akershus amtStortinget 1821 og omframstortinget 1822. I 1821 var han medlem av åtte komitear. Han var formann i fire av komiteane; komiteen om uekte born og fråskilde kvinner, komiteen om løna til geistlege embetsmenn, om løna til skulehaldarane, og om Tromsø seminar og alllmugeskulestellet.

Tildelt borgardådsmedaljen.

Juell døydde i Sørum i 1839.