Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Parsifal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parsifal
WWV 111
Opera av Richard Wagner

Parsifal på veg til gralsborgen, illustrasjon av Ferdinand Leeke (1920)
PeriodeRomantikken
Urframføring26. juli 1882
Typisk lengdca. 4 ½ timar
Satsar/akter3 aktar
Libretto avRichard Wagner

Parsifal, WWV 111, er ein tyskspråkleg opera i tre akter med tekst og musikk av Richard Wagner. Han er lausleg basert på Wolfram von Eschenbach sitt episke dikt Parzival frå 1200-talet, som handlar om kong Arthur sin riddar Parsival og hans leit etter den heilage gralen.

Wagner fekk ideen til verket i april 1857, men fullførte det ikkje før 25 år seinare. Det var hans siste fullførte opera, og under komposisjonen utnytta han den spesielle akustikken til festspelhuset i Bayreuth. Parsifal vart først framført under den andre Bayreuth-festivalen i 1882. Bayreuth-festivalen hadde monopol på produksjonar av verket fram til 1903, då operaen vart framført ved Metropolitan Opera i New York.

Wagner beskreiv ikkje Parsifal som ein opera, men som Ein Bühnenweihfestspiel («eit festspel for heilaggjering av scena»). I Bayreuth har det oppstått ein tradisjon at publikum ikkje applauderer på slutten av første akt.

Wagner sin stavemåte «Parsifal», i staden for «Parzival» som han hadde brukt fram til 1877, var informert av ein av teoriane om namnet Percival, om at det er av persisk opphav, Parsi (eller Parseh) Fal, som betyr 'den reine (eller arme) dåre'.[1][2]

Emil Scaria i rolla som Gurnemanz i Bayreuth i 1882.
Roller, stemmeleie, rollebesetning ved premieren i 1882 og 1903 (Metropolitan Opera)
Rolle Stemmeleie Rollebesetning, 26. juli 1882

Dirigent: Hermann Levi[3]

Rollebesetning, 24. desember 1903

Dirigent: Alfred Hertz[4]

Parsifal tenor Hermann Winkelmann Alois Burgstaller
Kundry sopran eller mezzosopran Amalie Materna Milka Ternina
Gurnemanz, ein gammal og erfaren gralsriddar bass Emil Scaria Robert Blass
Amfortas, gralsrikets herskar baryton Theodor Reichmann Anton van Rooy
Klingsor, ein trollmann bassbaryton Karl Hill Otto Goritz
Titurel, far til Amfortas bass August Kindermann Marcel Journet
To gralsriddarar tenor,

bass

Anton Fuchs

Eugen Stumpf

Julius Bayer

Adolph Mühlmann

Fire væpnarar sopran,

alt, to tenorar

Hermine Galfy

Mathilde Keil Max Mikorey Adolf von Hübbenet

Katherine Moran

Paula Braendle Albert Reiss Willy Harden

Seks blomsterpiker tre sopranar,

tre altar eller seks sopranar

Pauline Horson

Johanna Meta Carrie Pringle Johanna André Hermine Galfy Luise Belce

Isabelle Bouton

Ernesta Delsarta Miss Förnsen Elsa Harris Lillian Heidelbach Marcia Van Dresser

Stemme frå ovan, Eine Stimme alt Sophie Dompierre Louise Homer
Gralsriddere, gutar, blomsterpiker (kor)

Orkestrering

[endre | endre wikiteksten]
Gralstempelet, scenedekorasjon av Paul von Joukowsky (1882)
"Verwandlungsmusik" frå akt 1 av Parsifal, Karl Muck, Orchester der Bayreuther Festspiele, 1927

Parsifal er komponert for følgjande instrument:

Sceneorkester:

  • 4 kyrkjeklokker, 6 valthorn, 6 trompetar, 6 trombonar
  • ei toremaskin blir nytta i den augneblinken Klingsors slott blir øydelagt

Stad: Riket til gralen, hallen til gralstempelet og Klingsors rike, Nord-Spania

Tid: tidleg mellomalder

Innspelingar av Parsifal

[endre | endre wikiteksten]

Parsifal vart uttrykkeleg komponert for scena i Bayreuth, og mange av dei mest berømte innspelingane av operaen kjem frå liveopptak av scena. Før LP-epoken dirigerte Karl Muck utdrag frå operaen i Bayreuth, som framleis blir rekna som nokre av dei beste framføringane av operaen på plate (dei inneheld òg det einaste lydbeviset av klokkene som vart konstruerte for premieren til verket, som seinare vart smelta av nazistane under andre verdskrigen). Hans Knappertsbusch var dirigenten som var nærast assosiert Parsifal i Bayreuth i etterkrigsåra, og framføringa under den musikalske leiinga hans i 1951 markerte gjenopninga av Bayreuth-festivalen etter andre verdskrigen. Desse historiske framføringane vart spelt inn i mono-lyd, opphavleg utgitt, men no ikkje lenger tilgjengeleg på Teldec-etiketten, og utgitt i 2003 på Naxos Historical. Knappertsbusch spelte inn operaen for Philips i 1962 i stereo, og denne utgivinga blir ofte verdsett som den klassiske Parsifal-innspelinga.[5] Det er òg mange «uoffisielle» liveopptak frå Bayreuth, som fangar nesten alle Parsifal-rollebesetningar som nokon gong er dirigerte av Knappertsbusch.

Blant studioinnspelingane har dei av Georg Solti, Herbert von Karajan og Daniel Barenboim (dei to sistnemnde som begge dirigerer Berlinfilharmonien) fått gode meldingar.[6] Von Karajan-innspelinga vart kåra til «årets plate» under Gramophone Awards 1981. Også høgt sett på er ei innspeling av Parsifal dirigert av Rafael Kubelík. Denne var opphavleg spelt inn for Deutsche Grammophon, men aldri utgitt, og er no tilgjengeleg på Arts Archives-etiketten.

Under sendinga av BBC Radio 3 CD Review - Building a Library den 14. desember 2013 undersøkte musikkritikaren David Nice innspelingar av Parsifal og anbefalte innspelinga frå 1980 av Symphonieorchester des Bayerischen Rundfunks, dirigert av Rafael Kubelik, som det beste tilgjengelege valet.[7]

  1. Buschinger, Danielle (2007), Das Mittelalter Richard Wagners, Königshausen & Neumann, s. 140, ISBN 978-3-8260-3078-9, OCLC 133048085, henta 5. juni 2022 
  2. Unger, Max (1932). «The Persian Origins of 'Parsifal' and 'Tristan'». The Musical Times 73 (1074): 703–705. ISSN 0027-4666. doi:10.2307/917595. 
  3. «Gherardo Casaglia - Almanacco», almanac-gherardo-casaglia.com, henta 5. juni 2022 
  4. «BiblioTech PRO V3.2b», archives.metoperafamily.org, henta 5. juni 2022 
  5. Opera on record, Alan Blyth, Malcolm Walker, Harper & Row, 1982, ISBN 0-06-090910-2, OCLC 8264390, henta 5. juni 2022 
  6. Blyth, Alan (1992), Opera on CD : the essential guide to the best CD recordings of 100 operas, Kyle Cathie, ISBN 1-85626-056-9, OCLC 27935196, henta 5. juni 2022 
  7. «BBC Radio 3 - CD Review, Wagner 200 Building a Library: Parsifal, Wagner: Parsifal», BBC (på engelsk), henta 5. juni 2022 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Parsifal
  • Introduksjon til Parsifal hos BBC Radio 3, gjester diskuterer Wagners siste opera (engelsk)
  • Wagner: Parsifal hos BBC Radio 3: CD Review: musikkritiker David Nice undersøker og anbefaler innspelingar av Parsifal (engelsk)

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Lucy Beckett (1981) Richard Wagner: Parsifal. Cambridge, UK: Cambridge University Press. ISBN 0-521-29662-5.
  • Dieter Borchmeyer (1982) Das Theater Richard Wagners. Idee ─ Dichtung ─ Wirkung, Stuttgart (Reclam); Engelsk oversettelse: Drama and the World of Richard Wagner, Princeton (Princeton University Press) 2003, ISBN 978-0-691-11497-2.
  • Paul Dawson-Bowling (2013). The Wagner Experience and its meaning to us. Old Street Publishing ISBN 978-1-908-69943-5
  • John Deathridge (2008). Wagner: Beyond Good and Evil. Berkeley, California: University of California Press. ISBN 978-0-520-25453-4.
  • Martin Geck (2013). Richard Wager - A Life in Music. The Univerdity of Chicago press ISBN 978-0-226-92462-5
  • Martin Gregor-Dellin (1983). Richard Wagner: his life, his work, his Century. William Collins. ISBN 0-00-216669-0.
  • Bryan Magee (2001). Wagner and Philosophy. Penguin Books. ISBN 0-14-029519-4
  • Barry Millington (2006). The New Grove Guide to Wagner and his Operas. Oxford University Press ISBN 978-0-195-30588-3
  • Ernest Newman (1976). The Life of Richard Wagner. Cambridge, UK: Cambridge University Press. ISBN 0-521-29149-6.
  • Friedrich Nietzsche (1887). Moralens genealogi, overs. Arild Haaland. Gyldendal 1969.
  • Roger Scruton (2020) Wagner's Parsifal: The Music of Redemtion. Allen Lane. ISBN 9780241419694
    Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.