Pathumwan
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Pathumwan | |||
distrikt | |||
Pathumwan-vegen og Siam-strøket
| |||
Land | Thailand | ||
---|---|---|---|
By | Bangkok | ||
Areal | 8,37 km² | ||
Folketal | 51 557 (31. desember 2014)[1] | ||
Pathumwan 13°44′12″N 100°31′24″E / 13.736666666667°N 100.52333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Khet Pathum Wan |
Pathumwan eller Pathum Wan er eit distrikt i Bangkok i Thailand. Folkesetnaden er 52 613 i 2013.
Historie
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Siam-strøket i Bangkok.
Kong Mongkut, som herska frå 1851–1868, gav ordre om å bygge eit lite lystslott på staden. Dette var Pathumwan-slottet eller 'Lotus-slottet'. Han fekk også bygd buddhisttempelet Wat Pathum Wanaram like ved.[2]
Sra Pathum-slottet ('Lotusdamslottet') vart bygt ferdig i 1916, på tomta til Prins Mahidol Adulyadej. [2]
Siam Center-kjøpesenteret opna i 1973, og er det eldste i området.
Ein av Thailand sine første radiokringkasting-stasjonar, «Saladaeng Station», låg på hjørnet av Witthayu-vegen (kjend som «Wireless Road») og Rama 4-vegen.[3]
Lumphini-stadionet har flytta sin verksemd, thaiboksing, frå stadionet på Rama 4-vegen, og stadionet hadde sin siste kamp der i 2014.[4]
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Distriktet har ei rekkje kjøpesenter, Siam Center, Siam Paragon, MBK Center kjend som mah boon krong, Bonanza Mall, CentralWorld (tidlegare World Trade Center), BigC Ratchadamri, Narayana Phan, Gaysorn, Central Chit Lom og Siam Discovery Center.
Administrasjonseininger
[endre | endre wikiteksten]Underdistrikta (khwaeng) er
1. | Rong Mueang | รองเมือง | |
2. | Wang Mai | วังใหม่ | |
3. | Pathum Wan-underdistriktet | ปทุมวัน | |
4. | Lumpini eller Lumphini | ลุมพินี |
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Ratchaprasong-knutepunktet med Erawan-heilagdommen til høgre
-
Erawan-heilagdommen eller San Thao Maha Phrom ('heilagdommen til vårherre Brahma den store')
-
Sathani Ratchadamri ('Ratchadamri-stasjonen')
-
Chulalongkon Mahawitthayalai ('Chulangkon-universitetet')
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://stat.dopa.go.th/stat/statnew/statTDD/views/showDistrictData.php?statType=1&year=57&rcode=10.
- ↑ 2,0 2,1 2bangkok.com:Bangkok's Crucible of Construction Arkivert 2005-11-18 ved Wayback Machine.
- ↑ Naenna, Oranee (2002). นามนี้มีที่มา [These names have origins] (på thai). Bangkok: Praphansan. s. 60–61. ISBN 9789742308483.
- ↑ «Last Ever Show At Old Lumpinee Stadium 8th February 2014» (Video). YouTube. Henta 8. mai 2014.