Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Poprad

Koordinatar: 49°03′34″N 20°17′51″E / 49.05944°N 20.29750°E / 49.05944; 20.29750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For elva med same namn, sjå Popradelva
Poprad
Byvåpenet til Poprad
Byvåpenet til Poprad


Plassering
Poprad is located in Slovakia
Styresmakter
Land  Slovakia
Kraj Prešov kraj
Først nemnd i 1250
Borgarmeister Anton Danko
Geografi
Flatevidd
 - By

62,997 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

55 042
  873,7 /km²
Koordinatar 49°03′34″N 20°17′51″E / 49.05944°N 20.29750°E / 49.05944; 20.29750
Høgd over havet 672 moh
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 058 01
Retningsnummer (tlf) 421-52
Bilnummer PP
Nettstad: www.poprad.sk

Poprad (tysk Deutschendorf) er ein by nord i Slovakia ved foten av Høge Tatrafjella. Han er den største byen i regionen Spiš og den tiande største i heile Slovakia. Han har om lag 55 000 innbyggjarar.

Byen har eit historisk sentrum og ved byen ligg den internasjonale Poprad-Tatry lufthamn. Byen er òg første stasjon på Tatranská elektrická železnica-jernbanen.

Historisk var området opphavleg busett av slavarar, men tyskarar koloniserte området på 1200-talet, og Poprad vart i hovudsak ein tysk by. Frå 1412 til 1770 vart byen og Szepes fylke pantelånt til Polen, og Polen var delvis ansvarleg for utviklinga der.

Poprad vart første gong nemnd i skriftlege kjelder frå 1256, og i 690 år, fram til 1946 var han berre ein av fleire nabobyar som i dag utgjer den moderne byen. Dei andre delane av byen er Matejovce, Spišská Sobota, Veľká og Stráže pod Tatrami.

I 1999 søkte Poprad om å vere vertskap til Vinter-OL 2006, men tapte for Torino i Italia.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]