Storsalamander
Storsalamander | |
Storsalamanderhann | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Nær truga[1] Utbreiinga av storsalamander | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Amfibium Amphibia |
Orden: | Salamandrar Caudata |
Familie: | Salamandridae |
Slekt: | Triturus |
Art: | Storsalamander T. cristatus |
Vitskapleg namn | |
Triturus cristatus |
Storsalamander (Triturus cristatus) er ein svart eller mørk brun salamander med enkelte svarte flekker. Buken er gul eller oransje og svartflekka. Huda er kornet og ru (småvortet).
Storsalamanderen har hovudutbreiingsområde rundt Oslofjorden, men finst òg separat på Vestlandet og i Trøndelag.[2] Kroppsstorleiken varierer frå 10–17 cm,[3] minst mot nordgrensa. Paringa er som regel i mai, men under enkelte tilhøve frå april til juni. Hoa legg 2–300 egg enkeltvis på gamle bladdelar eller vassplanter. Egga blir klekte etter to veker og metamorfoserar frå august til oktober. Storsalamander når kjønnsmogen alder etter 2–3 år, i nord etter 3–5 år. Overvintringa skjer frostfritt på land.
Vanlege habitat er dammar og våtmarker i kulturlandskapet, som gårdsdammar og vatningsdammar. Myrtjarn over ein viss pH er òg eit vanleg habitat. På grunn av den tynne huda til salamanderen, er den avhengig av fukt og flytter seg sjeldan langt frå dammen.
Denne sårbare amfibiearten har har lidd under seinare tids naturøydelegging, og er av denn grunn sett på som nær truga på Nasjonal raudliste.[1] Det er i hovudsak moderniseringa av jordbruket, med drenering av våtmarker og dammer, som har hatt størst påverknad på storsalamanderen. I tillegg er han svært sårbar for utsetting av fisk, då larvane lever pelagisk og svært iaugefallande for rovfisk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Dervo B, Strøm BS og van der Kooij J (24. november 2021). «Amfibier og reptiler: Vurdering av storsalamander Triturus (Triturus) cristatus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022.
- ↑ «Storsalamander» (på norsk bokmål). Miljødirektoratet. Henta 19. mars 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Storsalamander» frå Wikipedia på bokmål, den 12. april 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) storsalamander hos Artsdatabanken
- (en) storsalamander – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) storsalamander i Encyclopedia of Life
- (en) storsalamander i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) storsalamander hos Dyntaxa
- (en) storsalamander hos Fauna Europaea
- (en) storsalamander hos Fossilworks
- (en) storsalamander hos ITIS
- (en) storsalamander hos NCBI
- (en) Kategori:Triturus cristatus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Triturus cristatus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons