Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Steinar Schjøtt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinar Schjøtt

Fødd13. november 1844
Telemark fylke
Død11. januar 1920
NasjonalitetNoreg
Yrkeleksikograf, lingvist, filolog, omsetjar, historikar

Steinar (Johannes Stenersen) Schjøtt (fødd 13. november 1844 i Porsgrunn, død 11. januar 1920 i Kristiania) var ein norsk ordbokredaktør, omsetjar, målmann og statsstipendiat. Han er mest kjend for omsetjinga av Heimskringla til nynorsk, utgjeven 1874-79.

Han var presteson, tok latinartium i Skien 1862 og vart cand.philol. i 1870. Han var lærar ved Heltbergs studentfabrikk, så i Levanger og Kristiansand. Frå 1874-1893 var han lærar i Fredrikshald, så i Skien. Schjøtt vart statsstipendiat i 1909, men alt frå 1899 var han frikjøpt frå lærarstillinga for å kunne bruke tid på ordboksarbeidet, busett i Oslo.

Han var tidleg aktiv som skribent i og redaktør av ulike måltidsskrift, og skreiv ei Noregshistorie til skulebruk. Omsetjinga av Heimskringla var i førstninga omstridd fordi Schjøtt valde ein annan landsmålsnormal enn Aasen. I ettertid har til dømes Kjell Venås vurdert det som at

Det mest gjennomtenkte, folkemålsnære og stilreine tidlege alternativet til Aasen-norma kom frå Schjøtt.

Frå 1899 arbeidde han med Dansk-norsk ordbog. Boka kom ut i 1909, med danske/riksmålske oppslagsord og nynorske definisjonar. Boka vart følgd av Norsk ordbok, med ordtyding paa norsk-dansk i 1914. Schjøtt busette seg frå 1915 i Asker, som nabo av Hulda og Arne Garborg. Garborgs Knudaheibrev er stila til Schjøtt. Han hjelpte Garborg med å omsetje Odysseen til landsmål.

  • Heimskringla. 1874-79
  • Norigs soga, til heimbruk og bruk for lærarar. 1879
  • Lærebok i heimssoga : til bruk fyr seminar. 1899
  • Dansk-norsk ordbog. 1909
  • Norsk ordbok, med ordtyding paa norsk-dansk. 1914

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Kjell Venås. «Steinar Schjøtt» I: Norsk biografisk leksikon

.