Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

SloMo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«SloMo»
Song av Chanel
Land Spania
Språk Spansk og engelsk
Utgjeve 24. desember 2021
Sjanger Latinopop, reggaeton
Lengd 02:56
Selskap BMG Spain
Komponist Leroy Sanchez, Keith Harris, Maggie Szabo
Låtskrivar(ar) Leroy Sanchez, Keith Harris, Ibere Fortes, Maggie Szabo, Arjen Thonen

«SloMo» (forkorting av det engelske uttrykket slow motion, 'sakte film') er ein spansk latinopoplåt, og han er debutsingelen til den spansk-cubanske artisten Chanel. Songen er skriven av Leroy Sanchez, Keith Harris, Ibere Fortes, Maggie Szabo og Arjen Thonen. Songen var det spanske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino, der han enda på tredjeplass – den beste plasseringa til Spania på 27 år.

Den spanske kringkastaren TVE kunngjorde 10. desember 2021 at Chanel og «SloMo» var blant deltakarane i songtevlinga Benidorm Fest. Tevlinga er den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest.[1]

«SloMo» vart gjeven ut digitalt 24. desember same år og deltok deretter i den fyrste semifinalen av Benidorm Fest 26. januar 2022. I semifinalen fekk Chanel høgaste poengsum frå juryen og telefonavrøystinga.[2] Under finalen laurdag 29. januar vann «SloMo» Benidorm Fest og vart dimed det spanske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino.[3]

Som eit av dei fem store landa i Eurovision Song Contest, var Spania direktekvalifisert til finalen laurdag 14. mai 2022.[4] I finalen vart «SloMo» nummer tre i både jury- og telefonavrøystinga og enda samanlagd på ein tredjeplass. Dette var den beste plasseringa til Spania i Eurovision Song Contest sidan 1995, då Anabel Conde kom på andreplass bak norske Secret Garden og «Nocturne».

Listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2022) Høgaste
plassering
Global 200 (Billboard) 151
Flagget til Hellas Hellas (IFPI Greece)[5] 3
Det irske flagget Irland (IRMA)[6] 44
Flagget til Island Island (Tónlistinn)[7] 11
Flagget til Kroatia Kroatia (Billboard)[8] 24
Flagget til Litauen Litauen (AGATA)[9] 8
Det nederlandske flagget Nederland (Single Top 100)[10] 72
Flagget til Portugal Portugal (AFP)[11] 88
Flagget til Spania Spania (PROMUSICAE)[12] 1
Det britiske flagget Storbritannia (UK Singles)[13] 56
Flagget til Sveits Sveits (Schweizer Hitparade)[14] 65
Flagget til Sverige Sverige (Sverigetopplistan)[15] 32
Flagget til Tyskland Tyskland (Nedlastning – Deutsche offizielle Charts)[16] 32
  1. López, Víctor (10. desember 2021). «🇪🇸 Spain: Benidorm Fest 2022 Participants Revealed». Eurovoix (på engelsk). Henta 26. februar 2022. 
  2. Davies, Megan (26. januar 2022). «🇪🇸 Spain: Four Qualify From Benidorm Fest First Semi-Final». Eurovoix (på engelsk). Henta 26. februar 2022. 
  3. «Chanel wins 'Benidorm Fest' and will represent Spain at Eurovision 🇪🇸». Eurovision.tv (på engelsk). 29. januar 2022. Henta 26. februar 2022. 
  4. «Grand Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 26. februar 2022. 
  5. «Official IFPI Charts Digital Singles Chart (International) Week: 20/2022». www.ifpi.gr. IFPI Greece. Arkivert frå originalen 29. mai 2022. Henta 30. mai 2022. 
  6. «Official Irish Singles Chart Top 50 | Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 27. mai 2022. 
  7. «TÓNLISTINN – LÖG vika 20–2022» (på islandsk). Tónlistinn Plötutíðindi. Arkivert frå originalen 21. mai 2022. Henta 22. mai 2022. 
  8. Cusson, Michael (15. februar 2022). «Croatia Songs». Billboard (på engelsk). Henta 27. mai 2022. 
  9. «2022 21-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). Henta 27. mai 2022. 
  10. Hung, Steffen. «Chanel [ES] - SloMo». hitparade.ch. Henta 27. mai 2022. 
  11. «portuguesecharts.com - Chanel [ES] - SloMo». portuguesecharts.com. Henta 10. juni 2022. 
  12. Música, El portal de. «SloMo - Chanel | EPDM» (på engelsk). Henta 26. februar 2022. 
  13. «slomo | full Official Chart History | Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 27. mai 2022. 
  14. «Chanel [ES] - SloMo». Henta 27. mai 2022. 
  15. «Veckolista Singlar, vecka 20». Sverigetopplistan (på svensk). Henta 22. mai 2022. 
  16. «Offizielle Download Charts Single - Musik Charts». MTV Germany (på tysk). Arkivert frå originalen 24. mai 2022. Henta 10. juni 2022.