Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Slagvåpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den mytologiske helten Hercules (Herakles) slost mot Hydra med slagvåpen. Måleri av John Singer Sargent frå 1921.

Slagvåpen er eit våpen som kan haldast i handa og nyttast for å skade kroppen til eit anna menneske, eller som våpen til avliving av dyr. Eit slagvåpen fungerer som ei forlenging av brukaren si hand. Føremålet med slagvåpenet er å konsentrere krafta i slaget. Energien i slaget verkar på målet i ei mykje kortare tid enn tida som den som slår brukte på å tilføre energien til våpenet under slaget, og aukar med det den skadegjerande verknaden.

De eldste slagvåpena var enkle klubber. Men særleg i mellomalderen vart ei rekkje nye typar utvikla. Moderne slagvåpen inkluderer batongar, som ofte vert brukt av politiet.

Forbod mot slagvåpen

[endre | endre wikiteksten]

Etter den norske våpenforskriftens § 9 er det i Noreg forbode å skaffe seg, å eige eller ha hjå seg eller på seg slagvåpen og andre særlege farlege gjenstandar som er eigna til å utøve vald:

«Det er forbudt å erverve, eie eller inneha elektrosjokkvåpen, pepperspray og andre selvforsvarsmidler med tilsvarende virkning, springkniver, batangakniver, stiletter, slåsshansker, batonger, karatepinner, kastestjerner, blåserør for utskyting av piler eller andre gjenstander, spretterter eller andre tilsvarende særlig farlige gjenstander uten aktverdig formål og som fremstår som voldsprodukter.»

Nokre typer slagvåpen

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]