Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Skokrem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein opna boks med svart skokrem.

Skokrem er ein pasta eller krem som blir brukt til skopussing for å gje skor og støvlar ny glans, betre vassavstøyting og betre livslengd. Ved bruk tek ein skokrem på skorne, og så børstar ein dei. For å få glans pussar ein skorne med ei fille etter å ha påført skokremen.[1][2]

Skopussarutstyr med open svart skokremboks i Istanbul.

Skokrem er laga av voks, løysemiddel og fargestoff.[3] Dei kan ha ulike typar konsistens, som hard voks, mjukare krem og flytande væske. I dag er han som regel laga av petroleumsdestillat.[4]

  1. «Skopuss og skostell», Enkeltspent (på engelsk), 9. august 2016, henta 5. desember 2022 
  2. Nagy, Peter, «Bruk tid på skopussen», www.klikk.no (på norsk), henta 5. desember 2022 
  3. Peter A. Burke (2000). «Shoe Polishes». Ullmann's Encyclopedia of Industrial Chemistry. Weinheim: Wiley-VCH. ISBN 3527306730. doi:10.1002/14356007.a23_575. 
  4. «Er skokrem giftig? Giftinformasjonen», www.helsenorge.no, 20. desember 2017, henta 5. desember 2022