Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Sjukehus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rikshospitalet på Gaustad. (Foto: Kjetil Lenes)

Sjukehus, også kalla hospital, er ein institusjon som yter medisinsk hjelp. Det vert ofte skilt mellom somatiske og psykiatriske sjukehus.

I Noreg finst det i det offentlege helsevesen tre typar somatiske sjukehus; lokalsjukehus, sentralsjukehus og regionsjukehus. Alle norske regionsjukehus er også universitetssjukehus. Nokre av dei, t.d. Rikshospitalet, har landsfunksjonar. I tillegg finst ei rekkje private sjukehus, som også i omfattande grad har avtaler med dei regionale helseføretaka om refusjonar for medisinsk handsaming. Ordninga «fritt sjukehusval» gjer at pasientar i dag fritt kan velje å la seg undersøke og handsame ved alle lokalsjukehus eller private sjukehus med avtale.