Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Segev Shalom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Segev Shalom
שֶׂגֶב שָׁלוֹם, شقيب السلام, Segev Shalom, Shaqeeb as-Salaam
lokal kommune
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°12′17″N 34°50′20″E / 31.20472°N 34.83889°E / 31.20472; 34.83889
Areal 5,981 km²
Folketal 7 739  (2010)[1]
Folketettleik 1 294 / km²
Grunnlagd 1979
Borgarmeister Omar Abu Muamar[2]
Kart
Segev Shalom
31°11′46″N 34°50′16″E / 31.196111111111°N 34.837777777778°E / 31.196111111111; 34.837777777778
Kart som viser Segev Shalom.
Kart som viser Segev Shalom.
Kart som viser Segev Shalom.
Wikimedia Commons: Segev Shalom

Shaqib al-Salam eller Segev Shalom (arabisk شقيب السلام, hebraisk skrift שֶׂגֶב שָׁלוֹם) (òg kalla Shqeb al-Salam)[3] er ein beduinsk by og ein lokal kommune i Det sørlege distriktet i Israel, søraust for Beersheba.

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) var folketalet i Shaqib 7 739 i desember 2010[1].

Shaqib vart grunnlagd i 1979 som ein del av eit statleg prosjekt for å skaffe fast busetnad for Negev-beduinar og han vart lokal kommune i 1996. Han er ein av sju beduinske kommunar i Negevørkenen med godkjende planar og utvikla infrastrukturDei seks andre er Hura, Tel as-Sabi (Tel Sheva), Ar'arat an-Naqab (Ar'ara BaNegev), Lakiya, Kuseife (Kseife) og byen Rahat, den største av dei.[4]

Namnet på kommunen, «Segev Shalom» kjem frå elva Sagiv som renn i nærleiken og er òg knytt til Camp David-avtalane mellom Egypt og Israel (Shalom står for fred på hebraisk) signert same året som kommunen vart grunnlagd.

Før opprettinga av Israel, var Negev-beduinar eit delvis nomadisk samfunn som hadde vore gjennom ein prosess for å bli bufaste sidan osmansk styre i regionen. Dei fleste forskarane er samde i at beduinane kom til Negev kring 1800, men det er spor etter dei tidlegare òg.[5]

Under Det britiske mandatet gav ikkje styresmaktene eit lovverk til å avgjere og bevare kven som eigde landområda. For å få orden på dette vart landpolitikken til Israel i stor grad tilpassa dei osmanske landreguleringane frå 1858 som det føregåande lovverket. Dermed nasjonaliserte Israel det meste av Negev ved hjelp av statlege landreguleringar frå 1969.[5]

Shaqib al-Salam/Segev Shalom vart grunnlagd i 1979 based on an agreement reached with Azazmeh Sheikh Ouda which allowed the tribe to settled on its traditional lands. The Segev Shalom lokal kommune, with nine members, was created as an instrument of local government. In 2000, the council held mayoral elections. [6]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Segev Shalom