Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Galtvort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Smygard)
Skule i Harry Potter-serien
Modellen av Galtvort på Warner Bros. Studio Tour: The Making of Harry Potter, som er brukt i filmane.
Galtvort
Type Kostskule
Stifta ca. 900 e.kr.
Stifta av Gurdik Griffing, Helga Håsblås, Salazar Smygard og Rasla Ravnklo.
Lokalisert Storbritannia, nær Dufftown.
Motto Draco dormiens nunquam titillandus (latinsk, tydar på norsk: Kitle aldri ein sovande drake)
Faste busette Gnav og Husspøkelsa, i tillegg til studentane og lærarane unntatt skuleferiar.
Fyrste opptreden Harry Potter og de vises stein

Galtvort (engelsk Hogwarts) er ein fiktiv trollmannskule i Harry Potter-serien av J.K. Rowling. Skulen skal ligge i Storbritannia og dei fleste hekser og trollmenn her går på skulen (ein kan gå på andre trollmannskular òg). Skulen er ein kostskule som tek elevar frå 11 til 18 år. Utdanningssystemet er ganske likt det som er elles i Storbritannia, bortsett frå at dei fleste faga dreier seg om magi, då dette er det einaste unge magikarar treng å læra særleg mykje om. J.K. Rowling har sagt at skulen har 1 000 elevar, seinare modererte ho dette talet til 600.

Område i og utanfor borga

[endre | endre wikiteksten]
Oversyn over plasseringa til dei ulike husa i storsalen på Galtvort
  • Mysteriekammeret er eit løyndomsfullt kammer på Galtvort. Kammeret blei oppretta på Galtvort av Salazar Smygard, ettersom han ikkje klarte å samarbeide med resten av grunnleggjarane og derfor forlét skulen - etter å ha forsegla mysteriekammeret og la noko frykteleg der inne vere klar til hans eigen arving kom til skulen. Arvingane som kom framover i tid skulle prøve å avslutte Smygards store verk; å reinse Galtvort for gompefødte. I mysteriekammeret er det ein Basilisk. I den andre boka i Harry Potter serien, blir Basilisken sleppt ut på Galtvort av arvingen til Smygard. Alle på Galtvort trur at Harry Potter står bak angrepa på gompane som blir angripne. Det er fordi Harry kan snakke ormtunge, som Salazar Smygard, og fordi han tilfeldigvis var til stades på åstaden rett etter at åtaka skjedde. Men når Gulla Wiltersen blir ført til mysteriekammeret med ein bodskap skriven i blod; Hennar skjelett vil liggje i kammeret for alltid, blir det Harry og Ronny som må av stad for å redde Gulla. Det viser seg at Gulla var den som opna mysteriekammeret, i transe, besett av Tom Vensters Dagbok. Tom Dredolo Venster opna mysteriekammeret i sitt tredje år på Galtvort (1940), og drap ei gompefødd jente, seinare kjend som spøkjelset Stønne-Stina, ved å sende Basilisken på ordre etter henne.
  • Storsalen er salen der elevane på Galtvort et, får fellesbeskjedar og valhatten sorterer elevane inn i sitt hus.
  • Håsblås sitt opphaldsrom er plassert ved kjøkkenet. Det skal ifølgje rykta vere det koselegaste opphaldsrommet, med store lenestolar og med gule og svarte oppheng.
  • Ravnklo sitt opphaldsrom er å finne på austsida av borga og er eit av dei luftigaste romma.
  • Griffing sitt opphaldsrom er plassert i åttande etasje i borga og ein må seie rett passord for å kome inn.
  • Smygard sitt opphaldsrom ligg ved og i eit fangehol. Ein del av det er også under Svartsjøen som liggj ved Galtvort. I den andre Harry Potter-boka snik Harry Potter og Ronny Wiltersen seg inn på Smygard's opphaldsrom, forkledd som to smygardingar for å prøve å finne ut om Draco Malfang er smygards arving. Hermine Grang hjelper dei med å lage polyksir, ein eliksir som gjer det mogleg å få forma til ein annan person. Hermine skulle eigentleg også vore med, men med hennar eliksir gjekk det gale - ho hadde hatt eit kattehår oppi sin eliksir i staden for eit hår frå ei jente frå Smygard. Ho blei til eit katteliknande menneske for ei stund.
  • Nødvendighetsrommet er eit rom som ikkje er synleg før nokon går fram og tilbake framfor den skjulte inngangen og tenkjer på noko som dei verkeleg treng og er «nødvendig» akkurat då. Då vil inngangen dukke opp, og når du kjem inn i rommet vil det du treng vere der inne.

Når Harry og klassekameratane brukar det til å øve i møta i Humlesnurr-Legionen finn dei eit stor rom med utstyr dei kunne bruke til øvinga.

Husa ved Galtvort

[endre | endre wikiteksten]

Husa på Galtvort fungerer som klassar til elevane. Ein deler oppholdsrom saman med dei andre i same hus, og elevane i same hus som er like gamle utgjer ein klasse. Husstyraren er ein lærar.

I starten, då dei fire stiftaraen sjølve dreiv skolen, var det dei som bestemte kva for elevar som skulle i dei ulike husa. Som eit utgangspunkt kan ein seie at dei modige elevene hamnar i Griffing, dei kloke (skoleflinke) i Ravnklo, dei flittige i Håsblås og dei som strebar mot makt i Smygard.

I ettertid har den gamle hatten til grunnleggjaren av Griffing blitt brukt som valmekasisme for elevane. Hatten er kalla for Valhatten og bur på kontoret til rektor. Alle førsteklassingane som kjem til Galtvort, blir den første kvelden plasserte i eit hus gjennom Valhattseremonien. Nokre av minna til grunnleggjarane vart plasserte i Valhatten slik at han kan velje kven som kjem i dei ulike husa.

Filmsett av The Great Hall, Galtvort høyere

Trylleformlar

[endre | endre wikiteksten]

Trylleformlar-faget er det mest bråkete faget, der ein lærer alt frå vifte tryllestaven nøyaktig til lære om objekt og rørsler. Trylleformlar blir undervist frå 1.- til 5.- klasse, men ein kan halde fram å studere det på Ø.G.L.E-nivå om ein ønskjer i 6.- og 7.- klasse.

J.K. Rowling har uttalt at ho ville undervist i Trylleformlar dersom ho vart lærar på Galtvort.

Forsvar mot svartekunstar

[endre | endre wikiteksten]

Forsvar mot svartekunstar er faget der ein lærer å forsvare seg mot dei mørke kreftene i magiverda. Dette er læra om korleis ein avverkar og kjempar mot svarte vesen som hambuser.

I eliksirar lærer ein korleis ein lagar eliksirar for å motverke og påverke forskjellige sjukdomar. Ein lærer òg å laga medisinar mot lukkeeliksiren og kjærleikseliksiren, samt eliksirlære, ingrediensar og korleis folk blir påverka av dei.

Transfigurasjon

[endre | endre wikiteksten]

Ved hjelp av konsentrasjon, ei presis vifting med tryllestaven og nøyaktig uttale av riktig trylleformel, kan ein lære kunsten å transfigurere, forvandle og endre form på eit objekt. Dette faget krev stor konsentrasjon og er eit av dei vanskelegaste og farlegaste faga. Tekstbøker i faget

  • A Beginner's Guide to Transfiguration, av Emeric Switch, brukt av fyrsteklassingar.

I Astronomi studerer ein universet. Undervisininga tek plass i Astonimitårnet.

Magihistorie

[endre | endre wikiteksten]

Faget magihistorie blir lært bort av professor Kiste.

Urtologi, på engelsk Herbologi er læra om magiske planter og urter. Kjente professorer her er Herbert Beery (på engelsk), Pomona Stikling (Pomona Sprout), Nilus Langballe (Neville Longbottom).

Alle elevar må ta minst to valfag i sitt tredje år, som ein kan halde fram med i femte klasse.

Gompologi inneheld pensum om gompar (umagiske menneske) og korleis ein ser på gompar i trollmannsverda. Nokre av lærarane som har undervist i Gompologi, er:

Stell av magiske vesen

[endre | endre wikiteksten]

Stell av magsike vesen (på engelsk: Care of magical creatures) er eit fag som inneber læra om magiske vesen, særleg korleis ein skal stelle dei. Undervisinga blir halden utandørs.

Clairvoyanse

[endre | endre wikiteksten]

I clairvoyanse lærar ein bla. å sjå inn i framtida, spå i teblad frå tekoppar og tyde omen. Læraren i dette faget er Professor Rummelfiold.

Dette teoretiske faget går ut på å tyde magiske språk, teikn og gamle runeskrifter. Hermine Grang tok dette faget. Ho klarte det på både U.G.L.E.-nivå og Ø.G.L.E.-nivå.

Artimantikk

[endre | endre wikiteksten]

Artimantikk er yndlingsfaget til Hermine Grang, og Professor Hektor ein av lærarane. Dette faget er valfritt og handlar om kunsten å spå tal.

Vesen ved Galtvort

[endre | endre wikiteksten]

Sjå også Vesen i Harry Potter-serien.

Domkyrkje i Durham, brukt som Galtvort i filmane.
Modell av Galtvort.
  • Spøkjelse finst inne i borga, ettersom kvart hus har eit hus-spøkjelse. Nokre av spøkjelsa på Galtvort er:
    • Blodbaronen (engelsk The Bloody Baron)
    • Nesten-Hodeløse Nikk (engelsk Sir Nicholas de Mimsy-Porpington)
    • Stønne-Stina (engelsk Moaning Myrtle)
  • Gnav er eit poligeist som bur på Galtvort. Han er ikkje nemnt i filmane. Som eitkvart poligeist elskar han ugnagn og kaos, og gjer ein stor insats for at spesielt fyrsteklassingane skal frykte han.

Han skriv stygge ord på tavlene, drar vekk teppa når nokon går på dei, hiv krit på elevar og mykje anna. Dei einaste som har kontroll over han er rektoren og den blodige baronen, som er Smygards hus-spøkjelse. Gnav har stor respekt for baronen og kallar han for eksempel «deres blodighet».

  • Havfolk finst i Svartsjøen som er ein sjø som ligg ved Galtvort. Her finst også snaredraugar.

Etter at Humlesnurr døyr i slutten av boka Harry Potter og Halvblodsprinsen, tek Severus Slur over som rektor.[1]

Slaget om Galtvort

[endre | endre wikiteksten]
Galtvort
Dato 2. mai 1998
Resultat Avgjerande siger for Føniksordenen, Humlesnurr-legionen. Slutten av andre krigen i trollmannsverda. Oppløysning av dødsetarane og samanbrotet av Voldemorts kontroll over Magidepartementet.
Omkomne m.a. Severus Slur, Fred Wiltersen, Nympadora Dult, Remus Lupus, Fyrst Voldemort, Nagini, Bellatrix DeMons og 50 andre.


Slaget om Galtvort er eit fiktivt slag i boka Harry Potter og dødstalismanene, som føregjekk 2. mai 1998 på Galtvort.

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.