Nynodata
Utsjånad
Nynodata | |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 848373672 | ||
Bransje | Maskinomsetjing, Omsetjing, kunstig intelligens | ||
Skipa | 26. juli 1988 | ||
Hovudkontor | Telemark fylke | ||
Land | Noreg | ||
Nettstad | https://nynodata.no (bokmål) |
Nynodata er eit norsk firma som har spesialisert seg på ein viss type språkteknologi, nemleg maskinomsetjing frå bokmål til nynorsk. Nynodata ligg i Bø i Telemark.
Nynodata var m.a. sentral då Microsoft omsette MsOffice 2003 til nynorsk, det vart gjort med hjelp av programmet Nyno.
Nynodata har også laga eit søkemotortillegg, Norsøk, som gjer det mogleg å søkje etter informasjon i språkblanda (nynorsk/bokmål) tekst, og å få fram informasjon, uavhengig av kva målform det er skrive på.
Dagleg leiar i Nynodata er Bjørn Seljebotn.