Natalja Sadova
Natalja Sadova | |
Verkeleg namn | Наталья Ивановна Садова |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 15. juni 1972 (52 år) Nizjnij Novgorod |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996 |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse |
Natalja Ivanovna Sadova, fødd Koptjukh, (fødd 15. juli 1972) er ein russisk tidlegare diskoskastar frå Gorkij som vann gullmedaljen i Sommar-OL 2004. Ho vann elles fire sølvmedaljar i ulike EM, OL og VM, samt ein VM-bronse, alle medaljane vunne i tida 1996-2005.
I 2001 vart Sadova tildelt gullmedaljen i VM i friidrett 2001, men etter ein ny test av urinprøva mista ho medaljen i 2005.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Sadova fekk sitt store gjennombrot under Sommar-OL 1996 i Atlanta. Med eit bestekast på 66,48 m vann ho sølvmedaljen i diskokasting, men var over tre meter bak den suverene vinnaren, tyske Ilke Wyludda. Etter ein VM-bronse i 1997, fekk Sadova ein ny sølvmedalje ved EM 1998, atter vart ein tysk utøvar, no Franka Dietzsch, hennar overkvinne. 23. juni 1999 presterte Sadova sitt livs lengste diskoskast i Tessaloniki, diskosen landa på 70,02 meter. Både under VM 1999 og Sommar-OL 2000 enda ho på fjerdeplass.
Sadova slengde diskosen heile 68,57 m då VM 2001 fann stad i Edmonton. Det var det lengste kastet i tevlinga og fekk tildelt diskos-gullet, men fire år seinare vart ho fråteken gullmedaljen etter at testen var positiv på bruk av koffein. I 2002 kjempa ho om EM-tittelen i diskokasting, og kom 19 cm for kort, målt mot greske Ekaterini Voggoli.
To år seinare lukkast Sadova å vinne gullmedaljen i diskokasting ved sommarleikane i Aten. Som under EM 2002 var ei gresk kvinne hennar sterkaste utfordrar. Sadova tok leiinga i fyrste omgang med 64,78 m. I andre gong tok tsjekkiske Věra Pospíšilová over leiinga etter eit kast som målte 66,08 m. Så smelte greske Anastasia Kelesidou til med 66,68 m i tredje omgang, og Sadova fall ned til tredjeplass. Etter fjerde omgangen var rekkefølgja uendra for dei fem beste i tevlinga, men i femte omgang fekk Sadova fullklaff med 67,02 m og olympisk siger.
Ved VM 2005 i Helsinki enda Sadova på sølvplassen bak Franka Dietzsch, nett som under EM 1998. Etter å ha vore utestengd i to år for bruk av dopingmiddel, var ho «milevidt» unna finaleplass då ho deltok i Sommar-OL 2008. Langt betre gjekk det under VM 2009 og EM 2010; ho vart nummer verdsmeiserskapen og kom på fjerdeplass i EM i Bareclona.
Doping
[endre | endre wikiteksten]Sadova vart i 2006 stengd ute frå tevla i to år, etter å ha testa positivt på anabole steroidar.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1994 i Helsinki: Nr 11 – 58,08 m
- VM 1995 i Göteborg: Nr 5 – 62,60 m
- OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje – 66,48 m, bakom Ilke Wyludda (69,66 m)
- VM 1997 i Aten: Bronsemedalje – 65,14 m
- EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje – 66,94 m, bakom Franka Dietzsch (67,49 m)
- VM 1999 i Sevilla: Nr 4 – 64,98 m
- OL 2000 i Sydney: Nr 4 – 65,00 m
- VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje – 68,57 m (diskvalifisert)
- EM 2002 i München: Sølvmedalje – 64,12 m, bakom Ekaterini Voggoli (64,31 m)
- VM i 2003 i Paris: Nr 6 – 65,22 m
- OL 2004 i Aten: Gullmedalje – 67,02 m, framom Anastasia Kelesidou (66,68 m)
- VM i 2005 i Helsinki: Sølvmedalje – 64,33 m, bakom Franka Dietzsch (66,56 m)
- OL 2008 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (58,11 m)
- VM 2009 i Berlin: Nr 7 - 61,78 m
- EM 2010 i Barcelona: Nr 4 - 61,20 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Natalja Iwanowna Sadowa» frå Wikipedia på tysk, den 9. juni 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Natal'ja Sadova» frå Wikipedia på italiensk, den 9. juni 2015.
- «Nataliya Sadova» (på engelsk). Olympedia. Henta 14. mars 2023.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1972
- Russiske diskoskastarar
- Olympiske meistrar for Russland
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Russland
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1996
- Russiske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996
- Russiske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2004
- Russiske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Russiske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Dopingsaker i friidrett