Munster
Munster | |||
Cúige Mumhan | |||
|
|||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Del av | Irland | ||
Areal | 24 607 km² | ||
Folketal | 1 172 170 (2006) | ||
Folketettleik | 48 / km² | ||
Munster 52°15′N 9°00′W / 52.25°N 9°W | |||
Kart som viser Munster.
| |||
Wikimedia Commons: Munster, Ireland |
Munster (irsk Cúige Mumhan, An Mhumhain eller Mumha) er ein av dei fire provinsane på Irland. Han er den sørlegaste av dei fire og ligg i Republikken Irland. Han består av grevskapa Clare, Cork, Kerry, Limerick, Tipperary og Waterford. Namnet kjem frå den keltiske gudinna Muma.
Provinsen var opphavleg delt inn i seks regionar: Tuadh Muman (Nord-Munster), Des Mhuman (Sør-Munster), Urh Mhuman (Aust-Munster), Iar Mhuman (Vest-Munster), Ernaibh Mhuman (Ernaistammen sitt område) og Deisi Mhuman (Deisistammen sitt område). Desse vart etter kvart overtatt av tre kongedøme som utvikla seg i provinsen: Thomond i nord, Desmond i sør og Ormond i aust. Desse vart etter kvart til jarledøme. For det historiske irske kongedømet Munster, sjå Mumu.
Dei tre kronene i flagget representerer dei tre kongedøma. Flagget kan lett forvekslast med Dublin sitt flagg, som har tre slott plassert på liknande måte på ein blå bakgrunn.
Byar
[endre | endre wikiteksten]Cork er den største byen i provinsen med 190 384 innbyggjarar (2006) og eit storbyområde med 380 000 innbyggjarar.
Andre viktige byar er Limerick 90 757 (2006), som òg har over 100 000 innbyggjarar i storbyområdet, og Waterford 49 213 (2006).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Munster» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2007.