Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Maracanã

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maracanã stadion i Rio.

Estádio Mário Filho, kjend som Maracanã, er ein fotballstadion i Rio de Janeiro i Brasil. Han er den største fotballstadionet i Brasil, med plass til rundt 87 000 tilskodarar. Her speler klubbene Flamengo og Fluminense (og delvis Vasco da Gama) heimekampar. Botafogo spelte også sine heimekampar her fram til dei fekk sin eigen heimebane sommaren 2007.

Namnet «Maracanã» har tupi-guaraniopphav og tyder 'som ei rangle' (marakas). Namnet kjem frå lyden laga av brunpannearapapegøyar som heldt til i området før stadionet blei bygd.