Monti Lepini
Utsjånad
Monti Lepini er ei fjellkjede i Antiappenninane i Lazio sentralt i Italia. Ho ligg mellom dei to provinsane Latina og Roma. Fjellkjeda grenser i nord til Colli Albani, i aust til Ciociaria, i sør til Monti Ausoni og i vest til Agro Pontino. Den høgaste fjelltoppen er Monte Semprevisa (1 536 m).
Namnet kjem truleg frå det latinske lapis (stein), som referer til kalksteinsbergarten som fjellet består av. I antikken vart området busett av volksarar.
Hagane i Ninfa ligg ved Monti Lepini og det finst òg mange grotter her. Av fugle- og dyreliv finn ein vandrefalk, gåsegribb og gråulv.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Monti Lepini frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta: