Lungepulsåre
Utsjånad
Lungepulsåre | |||
| |||
Klassifikasjonar og ressursar | |||
---|---|---|---|
MeSH | D011651 |
Lungepulsåra (latin truncus pulmonalis eller arteria pulmonalis), på norsk òg kalla pulmonalarterien, fører blod frå hjartet til lungene. Det er den einaste pulsåra som fører blod med lågt oksygeninnhald.
Lungepulsåra går av frå høgre hjartekammer, mellom hjartekammeret og pulsåra sit pulmonalklaffen. Starten på pulsåra er hovudstammen som er stutt og brei. Den delar seg i høgre og venstre sidegrein, ein til kvar lunge.
I fostersirkulasjonen har lungepulsåra òg eit samband med livpulsåra; ductus arteriosus.