Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Lukaspasjonen av Bach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lukaspasjonen
BWV 246
Pasjonsmusikk av Johann Melchior Molter
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponertukjend
Publiseringsdato1898
Typisk lengd104:39
Satsar/akter101

Lukaspasjonen er ein pasjon som tidlegare var tilskriven Johann Sebastian Bach. Han vart oppført i katalogen hans som BWV 246. Verket er i dag tilskriven Johann Melchior Molter[1]

Det finst eit manuskript av Lukaspasjonen frå kring 1730, som er delvis skriven av Bach, men forskarar trur at musikken ikkje er skriven av han sjølv. Visstnok framførte Bach verket, eller hadde planar om å framføre det, i Leipzig. C. P. E. Bach og Agricola kan ha trudd det var eit av Bach sine eigne verk og teke det med i oppteljinga deira.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]