Luftfartstilsynet
Luftfartstilsynet | |||
| |||
Org.form | Organisasjonsledd | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 981105516 | ||
Skipa | 1. januar 2000 | ||
Forgjengar(ar) | Luftfartsverket | ||
Morselskap | Samferdsledepartementet | ||
Hovudkontor | Bodø | ||
Land | Noreg[1] | ||
Nettstad | http://luftfartstilsynet.no/ |
Luftfartstilsynet er den norske staten sin uavhengige tilsynsmyndigheit for luftfart. Luftfartstilsynet ferdar ut dei fleste sertifikata, løyva og godkjenningane innan luftfarten og fører tilsyn med at alle aktørane i luftfartssystemet som er tildelt ei driftsløyving til luftfart eller luftfartsrelatert verksemd, utøver denne med heimel i lover og forskrifter.
Soge
[endre | endre wikiteksten]Luftfartstilsynet blei stifta og skild ut i frå Luftfartsverket 1. januar 2000 med kontor i Oslo. Inntil da var det Luftfartsverket som lagde regelverk, dreiv verksemda og overvaka aktørane i luftfarten (Luftfartsverket inkludert).
Tilsynet blei vedtatt flytta til Bodø innan 1. januar 2007. Flyttinga fann stad over fleire år og har møtt motstand.
Sidan Luftfartstilsynet blei oppretta i 2000 er direktøren for etaten òg norsk luftfartsdirektør. Tidlegare var direktøren for Luftfartsverket norsk luftfartsdirektør. Det er ei åremålsstilling med ein åremålsperiode på seks år.
Ei av avdelingane i Luftfartstilsynet er Legenemnda for flygarar som er ein del av Flymedisinsk institutt ved Universitetet i Oslo som også er Luftforsvarets flymedisinske kompetansesenter.
Luftfartsdirektørar
[endre | endre wikiteksten]- 2017– : Lars Kobberstad
- 2012–2016: Stein Erik Nodeland
- 2006–2012: Heine Richardsen
- 2005–2006: Otto Lagarhus
- 2000–2005: Per-Arne Skogstad
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 8813, Wikidata Q7061260