Laterankonsil
Utsjånad
Laterankonsil er den sams nemninga på fem viktige kyrkjemøte som gjekk føre seg i Roma. Kyrkjemøta eller konsila har namn etter Lateranpalasset og Laterankyrkja i Vatikanet i Roma, som tente som bustad og kyrkje under desse møta.
Det fyrste laterankonsilet gjekk føre seg i 1123 under pave Calixtus 2, Det andre laterankonsilet i 1139 under Innocens II, Det tredje laterankonsilet i 1179 under Aleksander III, Det fjerde laterankonsilet, som er blitt det mest kjende, i 1215 under Innocens III og Det femte laterankonsilet i 1512–1517 under Julius II og Leo X.
Laterankonsila er rekna som økumeniske eller felleskyrkjelege av den katolske kyrkja, men ikkje av ortodokse kyrkjer.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Laterankonsiler», Store norske leksikon, 27. juli 2016
Denne kristendomsartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.