Løv-Ham Fotball
Utsjånad
Løv-Ham (stifta 29. desember 1975) var ei idrettsforeining frå bydelen Fyllingsdalen i Bergen. Foreininga dekte både fotball og handball, og fotballklubben hadde over 600 medlemmar. Herrelaget til Løv-Ham Fotball spelte frå 2005 til 2011 i 1. divisjon fotball for menn i Adeccoligaen. Etter 2011-sesongen vart laget slått saman med nabolaget Fyllingen Fotball som Fyllingsdalen FK.[1][2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ NRK Hordaland: Løv-Ham er historie i norsk toppfotball
- ↑ Nettstaden lov-ham.no: «Søndag blir Løv-Ham historie», arkivert frå originalen 22. november 2011, henta 30. oktober 2011