Lækjeveronika
Utsjånad
Lækjeveronika | |
Lækjeveronika | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Kjempefamilien Plantaginaceae |
Stamme: | Veroniceae |
Slekt: | Veronikaslekta Veronica |
Art: | Lækjeveronika V. officinalis |
Vitskapleg namn | |
Veronica officinalis |
Lækjeveronika (Veronica officinalis) er ei fleirårig urt i kjempefamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Han er heimleg i Noreg og er vanleg i heile landet til Finnmark.
Lækjeveronika er ei om lag 10 cm høg plante med ein krypande stengel med opprett topp. Klasen kan bli toppstilt når den trengjer det korte toppskottet til side. Planten har grågrøne stivhåra blad. Klaseskaft, blomsterskaft og beger er kjertelhåra. Krona er fiolett eller blå og 6 mm brei. Kapselen er lengre enn begeret. Lækjeveronika blømer kring juni i turre mosegrodde bakkar og skogkantar. Arten er funnen opp til over 1200 m høgde i Lom.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 942.
- Svensk Wikipedia.