Ole Ålgård
Utsjånad
Ole Ålgård | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. september 1921 Gjesdal kommune |
Død |
26. januar 1995 (73 år) |
Yrke | jurist, diplomat |
Ole Ålgård (fødd 9. september 1921 på Ålgård, død 26. januar 1995) var ein norsk ambassadør. Han byrja i utanrikstenesta etter å ha utdanna seg til jurist. Frå 1946 var han stasjonert fleire stader. Han var ambassadør i Beijing frå 1967 til 1970, i FN i ti år frå 1972 til 1982. Ålgård avslutta karrièren sin i utanrikstenesta som ambassadør i København frå 1982 til 1989.
Frå 1975 var han leiar av FN sin tilsynskomite for FN sitt andre utviklingstiår.
Sitat
[endre | endre wikiteksten]Per Egil Hegge siterer Ole Ålgård:
«I Sverige er alt som ikke er tillatt, forbudt. I Norge er alt som ikke er forbudt, tillatt. Og i Danmark er alt som er forbudt, tillatt.»
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Overeinskomst om felles Nordisk Arbeidsmarked, underteikna av Ole Ålgård Arkivert 2007-07-21 ved Wayback Machine.
- Likskapar og skilnader mellom Danmark og Norge
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ole Ålgård» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2008.