Ola
Ola er eit manns- eller kvinnenamn som også kan brukast som slektsnamn. I nordisk tradisjon er det best kjend som mannsnamn med norrønt opphav. Ola har namnedag den 29. juli (olsok).
Opphav og tydingar
[endre | endre wikiteksten]Det nordiske namnet Ola er ei yngre form av Olav, som kjem frå det norrøne Óláfr, ei samantrekking av orda for 'stamfar' og 'etterkomar'. Olai, Ole og Oli er nærskylde namn. Olaug og Oline er kvinnelege former.
Joruba-namnet Ola tyder 'rikdom'. Medan det er eit mannsnamn i Nigeria, er det mykje brukt som eit kvinnenamn i USA.
Ola kan vera eit kvinnenamn i arabisk tradisjon, der ula kan tyda 'ære' eller 'høg rang', og i polsk tradisjon, der det er ei kortform av Aleksandra.
Etter indisk skikk kan namnet vera eit mannsnamn eller eit kastenamn. Det er også namnet på ei bengalsk gudinne, Ola devi.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Namnet har vore mykje brukt i Noreg frå gammalt av. Det er kjend frå namneparet Kari og Ola og nemningane Ola Nordmann og Ola Dunk, ulike nemningar på den «typiske» nordmannen. Namnet blei brukt av størst del ungar, nær 1,2 %, på 1880-talet, då statistikk første blei ført. Dei siste hundre åra har bruken halde seg nokså jamnt mellom 0,6 % og 0,3 %. I 2011 var det 9 230 norske menn som heitte Ola.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Ola Hansson (ca. 1750-1820), norsk målar (også Olav Hansson)
- Ola Mosafinn (1828-1912), norsk spelemann
- Ola Anton Thommessen (1851-1942), norsk journalist og politikar ((også Olav eller Olaf)
- Ola Asleson Strand (1859–1945), norsk spelemann
- Ola Hansson (1860-1925), svensk forfattar
- Ola Mathias Abrahamsson (1883-1980), norsk kunstnar
- Ola Setrom (1895-1946), norsk forfattar
- Ola Viker (1897-1972), norsk forfattar
- Ola Grini (1898-1975), norsk veterinær
- Ola Isene (1898-1973), norsk skodespelar
- Ola Skjåk Bræk (1912-1999), norsk statsråd
- Ola Børset (1913-2007), norsk skogforskar
- Ola Knutrud (1919-1996), norsk lege
- Ola Calmeyer (1929-2003), norsk jazzpianist
- Ola Heide (f. 1931), norsk botanikar
- Ola Ullsten, (f. 1931), svensk politikar og statsminister
- Ola Jonsmoen (f. 1932), norsk forfattar
- Ola Steinholt (1934-2009), norsk biskop og teolog
- Ola Rotimi (1938-2000), nigeriansk forfattar og litteraturhistorikar
- Ola Billgren (1940-2001), svensk kunstnar
- Ola Enstad (f. 1942), norsk kunstnar
- Ola Steen (f. 1942), norsk arkitekt.
- Ola Bauer (1943-1999), norsk forfattar
- Ola Solum (1943-1996), norsk filmregissør
- Ola Bratteli (f. 1946), norsk matematikar
- Ola Torgeir Lånke (f. 1948), norsk politikar (KrF)
- Ola Grøvdal (f. 1953), norsk forfattar
- Ola Lilloe-Olsen (f. 1953), norsk båtkonstruktør
- Ola Bremnes (f. 1955), norsk musikar
- Ola Otnes (f. 1951), norsk skodespelar
- Ola Fjellvikaas (f. 1970), norsk artist
- Ola Rapace (f. 1971), svensk skodespelar, opphavleg Pär Ola Norell
- Ola Borten Moe (f. 1976), norsk politikar (Sp)
- Ola Kvernberg (f. 1981), norsk fiolinist og komponist
- Ola Vigen Hattestad (f. 1982), norsk langrennar
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Created Names: Obsner, Oldine, Omkar, Omo, Ontriel, Orencio», arkivkopi, arkivert frå originalen 2. august 2009, henta 27. juli 2009
- Denne artikkelen bygger på «Ola» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juli 2009.
- «Ola» i Store norske leksikon, snl.no.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Ola hjå Statistisk Sentralbyrå
- Søk etter norsk namnestatistikk for Ola hjå Statistisk Sentralbyrå