Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Joseph Stiglitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joseph Stiglitz

FøddJoseph Eugene Stiglitz
9. februar 1943
Gary
NasjonalitetUSA
Områdesamfunnsøkonomi, screening
Yrkesamfunnsøkonom, universitetslærar, vitskapleg forfattar, faglitterær forfattar, professor, kritikar, skribent
InstitusjonarUniversity of Oxford
Princeton University
University of Manchester
Stanford University
Verdsbanken
Yale University
Columbia University
Alma materFitzwilliam College
Amherst College
Massachusetts Institute of Technology
University of Chicago
DoktorgradsrettleiarRobert Solow
EktefelleAnya Schiffrin
MedlemRoyal Society
National Academy of Sciences
Det europeiske akademiet for vitskap og kunst
Det pavelige akademi for samfunnsvitenskap
British Academy
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
American Philosophical Society
Romaklubben
Real Academia de Ciencias Económicas y Financieras
Econometric Society

Joseph Eugene Stiglitz (fødd 9. februar 1943) er ein USA-amerikansk samfunnsøkonom, fødd i Gary i Indiana, og leiande talsmann for nykeynesianismen. For arbeidet med å analysere marknader med «asymmetrisk information» vart han i 2001 tildelt Nobelprisen i økonomi, saman med to andre økonomi-forskarar.

Liv og gjerning

[endre | endre wikiteksten]

Stiglitz er ein vitskapsmann som har bidrege mykje med ny og verdifull forsking, og som har vore ein ivrig samfunnsdebattant og politisk aktør. I perioden frå 1995 til 1997 leidde han president Bill Clinton sitt råd av økonomar, medan han frå 1997 til 2000 var sjeføkonom i Verdsbanken.

I 2001 tok Stiglitz imot Sveriges Riksbanks økonomipris til minne om Alfred Nobel, saman med George Akerlof og Michael Spence, «för deras analys av marknader med asymmetrisk information» som til dømes forsikrings- og kredittmarknadene og utviklingsøkonomiar. Stiglitz gav i 2002 ut boka Globalization and its discontents (Globalisering: en stor desillusjon) der han kritiserer særleg Pengefondet (IMF) for å ha mislukkast i kampen mot global fattigdom. I oppfylgjaren Making globalization work frå 2006, på norsk Globalisering som virker (2008) kjem han med forslag til korleis globaliseringa kan fungere betre.

I september 2008 hevda Stiglitz at den globale finanskrisa kom av Irak-krigen. Han sa at «krigshungrige republikanske presidentar legg frøet til dei store økonomiske krisene i verda», og «Krigen i Irak var dårleg planlagd, noko som gjorde at USA vart tvinga til å bli i landet i lang tid. Krigen vart kostbar, og det oppstod eit underskot i statsfinansane. For å dekke dette underskotet måtte regjeringa i USA ta opp store lån».[treng kjelde]

Stiglitz meiner at ein perfekt marknad er svært sjeldan, eit syn tvert mot den nyklassiske skulen i økonomifaget. Han hevdar at dei fleste marknader har systematiske manglar, noko som grunngjev at det er trong for omfattande politiske tiltak i mange marknader.