Johannes Senn
Johannes Senn | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 17. september 1780 Liestal |
Død |
29. mai 1861 (80 år) |
Yrke | kunstmålar, gravør, illustratør |
Sjanger | portrett |
Johannes Senn på Commons |
Johan Heinrich Senn (17. september 1780–29. mai 1861)[1][2][3] var ein sveitsisk målar, teiknar og koparstikkar frå Liestal. Han er også kjend under namnet Johannes Senn, og måla ei rad motiv frå Noreg og Danmark.
Senn studerte ved Kunstakademiet i København 1805 og vart buande i Danmark til 1818, då han reiste heim til Sveits. Saman med den unge Christoffer Wilhelm Eckersberg leverte han teikningar til Gerhard Ludvig Lahde som ble stukke i kopar og tidvis kolorert. Koparstikkserien Danske Klædedragter (frå og med 1808) viste figurar, draktar og uniformer som alle kunne bli sett i dagleg bruk utanfor København. Ein større koparstikkserie, Norske nationale Klædedragter (1812–1815), på i alt 74 blad, kan tyda på at Senn har reist rundt i Noreg.
Arbeida hans har i dag større kulturhistorisk enn eigentleg kunsthistorisk interesse, spesielt skildringane av kvardagsscener og dei detaljerte bileta i Klædedragter i København, 37 blad (1806-08 og 1820); Danske klædedragter, 30 blad (1808-12) og Norske nationale klædedragter, 74 blad (1812-15).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Biografi» ved F. Beckett i 1. utgave av Dansk biografisk leksikon, utgitt av C. F. Bricka, 15. bind, side 543, Gyldendal, 1887-1905. DBL har andre opplysingar om leveår: 1770-1830
- ↑ Jürgensen, Sophus. «I. C. Dahl og Johannes Senn». Samleren, 1931
- ↑ Baltzer M. Børsum. «Johannes Senn og folkedraktene. Etterord». Senn, Johannes (1969). Norske nationale Klædedragter: efter en Samling af Originaltegninger tilhørende Hs. Exell. Hr. Geheime-Conferentsraad Gebhard Greve af Moltke. Børsums antikvariat.