Issaias Afewerki
Utsjånad
Issaias Afewerki | |
Statsborgarskap | Eritrea |
Fødd | 2. februar 1946 (78 år) Asmara |
Yrke | politikar, diktator |
Politisk parti | Folkets front for demokrati og rettferdighet |
Religion | monofysitisme, Den eritreisk-ortodokse kirke |
Ektefelle | Arsema Mehari |
Issaias Afewerki på Commons |
Issaias Afewerki[1] (fødd 2. februar 1946) er den første og noverande presidenten i Eritrea.
Afewerki var fødd i Asmara. Han blei med i frigjeringsrørsla Eritreisk frigjeringsfront (ELF) i 1966, og fekk militærtrening i Kina. Afewerki braut med ELF i 1971 og var med på å danna EPLF. Frå 1987 var Afewerki generalsekretær for denne rørsla. Han blei valdt til president då Eritrea fekk sjølvstende i 1993, men hadde før dette vore leiaren for Den eritreiske folkefrigjeringsfronten (EPLF) og styrte i røynda landet også før sjølvstendet.
Det planlagde presidentvalet i 1997 blei ikkje halde. Eritrea er ein eittpartistat under partiet People's Front for Democracy and Justice. Under Afewerki har også den frie pressa i landet blitt lagt ned.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Isaias_Afewerki» i Store norske leksikon, snl.no., vitja 4. mai 2009.
- Country profile: Eritrea ved bbc.co.uk, vitja 4. mai 2009.