Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Isopor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emballasje av isopor

Isopor er eit varemerke eigd av Brødr. Sunde[1] for eit plastmateriale av ekspandert polystyren (EPS). Materialet blir brukt til kassar og emballasje. I følgje Teknisk ukeblad brukar ein rundt 4 800 tonn EPS årleg i Noreg.[2] Mesteparten av dette er til teknisk emballasje for kvite- og brunevarar og VVS. Ca. 1700 tonn av det årlege forbruket går til fiskekassar.

EPS består av 98 % luft og er som oftast kvit på farge. Isopor smeltar når det kjem i kontakt med aceton, altså neglelakkfjernar.

  1. «Registrerte opplysninger om nasjonal varemerkeregistrering». Patentstyret. Arkivert frå originalen 19. januar 2017. Henta 18. januar 2017. 
  2. «Returrekord for isopor - Tu.no» (på norsk bokmål). Teknisk ukeblad. 20. november 2003. Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 27. januar 2022.