Irskesjøen
Irskesjøen (engelsk The Irish Sea, irsk Muir Éireann eller Muir Meann; skotsk-gælisk Muir Eireann; walisisk: Môr Iwerddon, manx: Mooir Vannin) er eit havområde mellom øya Irland og Storbritannia. Det er forbunde til Atlanterhavet via St George's Channel mellom Republikken Irland og Wales og Cornwall i sør og via North Channel mellom Nord-Irland og Skottland i nordaust. Isle of Man ligg midt i Irskesjøen. Området er svært økonomisk viktig for handel, skipsfart og transport, fiske og kraftproduksjon i form av vindkraft og atomkraft i området. Det har lenge vore snakk om å byggje ein 80 km lang jernbanetunnel frå Storbritannia til Irland. Den årlege trafikken mellom dei to øyane utgjer 12 millionar passasjerar og 17 millionar tonn med varer.
Skipsfart
[endre | endre wikiteksten]Irland har ingen tunnel- eller brusamband til kontinentet. Dermed består store delar av tungtransporten via sjøen. Dei nordirske hamnene handsamar 10 millionar tonn med gods til og frå Storbritannia kvart år, medan hamnene i Republikken Irland handsamar 7,6 millinonar tonn.
Liverpool handsamar 32 millionar tonn gods og 734 000 passasjerar kvart år. [1] Hamna Holyhead handsamar det meste av passasjertrafikken frå Dublin og Dún Laoghaire og 3,3 millionar tonn med gods. [2]
Hamnene i Republikken Irland handsaman 3,6 millionar reisande over Irskesjøen kvart år, om lag 92 % av alle passasjerane over Irskesjøen.[3] Dette talet har derimot fall dei siste år (20% sidan 1999), truleg på grunn av billigare flyreiser.
Ferjesamband frå Storbritannia til Irland via Irskesjøen inkluderer ruter frå Swansea til Cork; Fishguard og Pembroke til Rosslare; Holyhead til Dún Laoghaire; Holyhead til Dublin; Stranraer til Belfast og Larne; og Cairnryan til Larne. Det er òg samband mellom Liverpool og Belfast via Isle of Man eller direkte frå Birkenhead (Liverpool). Ei av dei største bilferja i verda «Ulysses» (1300 bilar og 260 lastebilar[4]) frå Irish Ferries trafikkerer ruta Dublin–Holyhead.
Byar
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane ved Irskesjøen er:
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hamnestatistikk Arkivert 2005-09-24 ved Wayback Machine., Mersey Docks Website
- ↑ UK Port Traffic Highlights: 2002, (pdf) Arkivert 2006-11-08 ved Wayback Machine., UK Maritime Statistics, Dept of Transport
- ↑ Passasjertrafikk via Irskesjøen til Republikken Irland, Central Statistics Office of Ireland
- ↑ http://news.bbc.co.uk/2/hi/uk_news/wales/905010.stm Den største bilferja i verda
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Irish Sea frå Engelsk Wikipedia .