Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Ion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For mannsnamnet Ion sjå Jon
Framstilling av oksonium (H3O+), eit postivt lada ion.

Eit ion er eit atom eller molekyl som har elektrisk ladning. Dersom eit atom mistar eller tek til seg elektron, blir det ionisert – altså at det i staden for å vere elektrisk nøytralt, har det fått ein elektrisk ladning som tiltrekk eller fråstøyter andre ion. Ion med motsette ladningar tiltrekk kvarandre og kan danna ionebindingar.

Ei samling ion som ikkje er i løysing, eller ein gass med eit visst tal ladde partiklar, blir kalla plasma. Dette blir sett på som den fjerde aggregattilstanden fordi han oppfører seg svært ulikt frå andre gassar, væsker eller faste stoff.

Typar av ion

[endre | endre wikiteksten]

I eit nøytralt atom er talet på proton og elektron likt. Dersom eit ion har fleire proton enn elektron har det positiv ladning og er eit kation. Dersom det har fleire elektron enn proton er ladningen negativ og ionet er eit anion.

Ion kan lagast av eit einskildatom (til dømes klorid, Cl-) eller av fleire saman som samansette ion. For ion danna av eitt atom, er ioneradiusen til anion større enn atomradiusen til grunnstoffet. Ioneradiusen til kation er mindre enn atomradiusen.

Formlar for ion

[endre | endre wikiteksten]

I kjemien uttrykker ein ladningen til ion ved hjelp av eit heva pluss- eller minsuteikn etter formelen for ionet, med eit tal framfor dersom ladningen er større enn ein. Det enkle hydrogenionet skriv ein då som H+, medan sulfat blir skrive SO32-.

Biologisk tyding

[endre | endre wikiteksten]

Ion er viktige for alt liv. Til dømes har ion av natrium, kalsium og kalium fleire oppgåver i cellene, særleg i cellemembranen.

Plantar tek opp mineral i ioneform. Ettersom dei må bruka energi for å flytta dei elektrisk lada partiklane inn i rota, har dei ei rekke ionepumper der kation dei treng blir bytta mot positive hydrogenion medan anion blir betalte med negative hydroksidion. Ettersom plantar som regel tek opp fleire kation enn anion, vil jorda rundt rotnettet etter ei tid bli forsura.

Kation går mot ein negativt lada anode.

Michael Faraday var den første som omtalte ion rundt 1830 for å tala om dei delane av molekyl som anten gjekk til ein negativt lada anode eller ein positivt lada katode. Han brukte det greske ordet ἰόν,[1] 'ein som går'. Anion tyder då 'noko som går opp' medan kation tyder 'noko som går ned'.

Det var likevel først i 1884 at mekanismane bak det som skjedde i elektrolysen til Faraday blei forklart av Svante Arrhenius i doktoravhandlinga hans. Då teorien hans til sist blei godteken, blei han tildelt Nobelprisen i kjemi for 1903.

  1. Michael Faraday: Experimental Researches in Electricity. Seventh Series. I Philosophical Transactions of the Royal Society. Band 124, s. 77–122, sjå side 79 punkt 665

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ion