Hythe i Hampshire
Utsjånad
Hythe i Hampshire | |||
by | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Hampshire | ||
Distrikt | New Forest | ||
Hythe i Hampshire 50°52′09″N 1°23′56″W / 50.8691°N 1.3988°W | |||
Wikimedia Commons: Hythe, Hampshire |
Hythe er ein by i grevskapet Hampshire i England. Han har kring 25 000 innbyggjarar. Byen ligg ved breidda av Southampton Water, og har ferjesamband med Southampton. Hythe har eit handleområde, ein pir og ei småbåthamn.
Namnet «Hythe» tyder ‘hamn’ eller stad å gå i land.[1] Hythe er dokumentert i ein parlamentsrull frå 1293.[2]
Kjende innbyggjarar
[endre | endre wikiteksten]- Christopher Cockerell, oppfinnaren av luftputebåten som småbåt, budde og døydde i Hythe.
- T.E. Lawrence, arkeolog, offiser, diplomat og forfattar, budde i området som barn, og vende tilbake mellom 1931 og 1932.[3]
- William Scammell, diktar, kritikar og biograf av Keith Douglas, blei fødd i Hythe i 1939, og budde i fødestaden til 1953.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hythe, Old Hampshire Gazetteer
- ↑ History Arkivert 29. september 2007 ved Wayback Machine., Hythe Online
- ↑ «Southampton and Hythe | T. E. Lawrence Society». 10. juli 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Hythe, Hampshire» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2011 og 25. juli 2024.