Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Himalayaskjeggfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Himalayaskjeggfugl
Himalayaskjeggfugl
Himalayaskjeggfugl
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Spettefuglar Piciformes
Familie: Asiaskjeggfuglfamilien Megalaimidae
Underfamilie: Megalaiminae
Slekt: Psilopogon
Art: Himalayaskjeggfugl P. virens
Vitskapleg namn
Psilopogon virens

Himalayaskjeggfugl (Psilopogon virens) er ein asiaskjeggfugl som høyrer heime på det indiske subkontinentet og i Søraust-Asia, der han lever i skogshabitet i opp til 3000 meters høgde.

Himalayaskjeggfuglen er medlem av asiaskjeggfuglfamilien, som er ei systergruppe av alle andre skjeggfuglar i Afrika og i «den nye verda», og av tukanar, alt innanfor den biologiske ordenen spettefuglar.[1]

Himalayaskjeggfugl har blått hovud, stort gult nebb, brun og grønnstripet kroppsider og buk; raud undergump. Øvre rygg har ei djup brunferge, elles er fjørdrakta i stor grad i klår grønfarge. Dette er den største skjeggfuglarten med ei kroppslengd på 32–35 cm og ei vekt på 192–295 gram.[2]

Himalayaskjeggfuglar hekkar i dei lågare til middels høgder av Himalaya, som strekkjer seg over Nord-India, Nepal og Bhutan, Bangladesh; og dessutan i delar av Søraust-Asia, så langt sør som norvestlege Thailand, nordlege Laos og Vietnam.[3] Arten er utbreidd i store delar av sørlege og sentrale Kina, så langt aust som Hong Kong and Zhejiang.[2]

Hekkesesongen strekker seg frå april til juli. Dei byggjer vanlegvis reir i eit holt tre. Både hannar og hoer tek seg av ungane. Kosthaldet består hovudsakleg av frukt og insekt.[2]

Frå 2001 har Verdas naturvernunion, IUCN, kategorisert arten som livskraftig, LC, grunna det vide utbreiingsområdet.[3]

Referansar
  1. Ericson, P. G. P. (2012). «Evolution of terrestrial birds in three continents: biogeography and parallel radiations». Journal of Biogeography 39 (5): 813–824. doi:10.1111/j.1365-2699.2011.02650.x. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Krishnan, A. (2023). Great Barbet (Psilopogon virens), version 2.0. In Birds of the World (N. D. Sly, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.grebar1.02
  3. 3,0 3,1 BirdLife International (2018). «Psilopogon virens». IUCN Red List of Threatened Species 2018: e.T22681591A130043742. doi:10.2305/IUCN.UK.2018-2.RLTS.T22681591A130043742.en. Henta 26. november 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Himalayaskjeggfugl