Holbæk
Holbæk | |||
---|---|---|---|
Kjøpstadseglet | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Kommune |
Danmark Region Sjælland Holbæk kommune | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - By (2013) |
27 096 | ||
Koordinatar | 55°42′58″N 11°42′49″E / 55.71611°N 11.71361°E | ||
Høgd over havet | 11 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
UTC+01:00, UTC+2 (UTC) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: Kommunal heimeside |
Holbæk er ein fjordby og tidlegare kjøpstad på Sjælland i Danmark om lag 60 kilometer frå hovudstaden København. Med 27 096 innbyggjarar (2013)[1] er det den største byen på Nordvestsjælland. Holbæk er administrasjonsstad i Holbæk kommune og høyrer til Region Sjælland.
Holbæk har vakse opp kring det tidlegare Holbæk slott som blei grunnlagt i 1236 av Valdemar Siger. Byen fekk kjøpstadsrett i 1287. Det er to teoriar om opphavet til namnet «Holbæk»; anten er det ei omskriving av den hule bæk ('holebekken' på norsk) som skal referere til ein bekk som i mellomalderen hadde fàr gjennom byen. Namnet kan òg kome av Den hellige bæk ('den heilage bekken'). Vest for hamna finst det ein liten bekk med namnet «Hulbæk».
I dag er Holbæk ein moderne by og eit viktig handelssentrum på Sjælland. Eit karaktertrekk ved staden er det vakre lægje ved sjøen og dei mange hyggelege kafeane, i tillegg har byen framleis eit mellomalderleg gatenett i bykjerna. Det er gode kommunikasjonssamband til København og Roskilde, både via motorveg og jarnbane. Ein stor del av innbyggjarane er pendlarar til storbyane i kring. Vest for byen ligg Odsherred kommune med jarnbanesamband mellom anna til Nykøbing. Frå ca. 1980 har Holbæk vore ein av dei raskast veksande byane i Danmark.
Attraksjonar
[endre | endre wikiteksten]- Holbæk Museum
- Sankt Nikolai Kyrkje (sjå bilete)
- Tveje Merløse Kyrkje, steinkyrkje frå 1100-talet.
- Holbæk Gamle Havn og Holbæk Skibsværft
- Andelslandsbyen Nyvang. På Oldvejen søraust for Holbæk er eit levande museum frå 1880-1950 fylt med aktivitetar og utstillingar.
- Danmarks Vej- og Bromuseum
- Holbæk Kunstforening Æglageret er eit galleri med skiftande udstillingar, innretta i eit tidlegare egglager
- Danmarks Ægmuseum er opretta i kjelleren under Holbæk Kunstforenings utstyillingslokale i Egglageret
Musikk og teater
[endre | endre wikiteksten]- Musikhus Elværket
- Holbæk Teater
- Teatret Fair Play
Attraksjonar i omlandet
[endre | endre wikiteksten]- Museet Ourø Minder
- Jernløse Mølle
- Skamstrup Mølle
- Torbenfeldt Smedemuseum
- Buerup Træskomuseum
Nokre bilete frå Holbæk
[endre | endre wikiteksten]-
Brorfelde
-
Maglesø
-
Løvenborg
-
Hørby Færgekro
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Danmarks Statistik: FOLK1 2013K4 (Vitja 11. februar 2014)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- HolbækNettet - portal for byborgarane Arkivert 2009-12-07 ved Wayback Machine.
- Holbaekonline.dk - Lokal portal for Holbæk og omland
- OplevHolbæk.dk - turist/eventguide for Holbæk og omland Arkivert 2017-09-11 ved Wayback Machine.
- Venstrebladet.dk - lokalavisa for Holbæk og omland
- Holbæk Seminariums heimeside Arkivert 2022-01-19 ved Wayback Machine.
- Gammelhavnforum.dk Arkivert 2012-03-22 ved Wayback Machine.
- Dansk Center for Byhistorie - Holbæk