Kyanitt
Utsjånad
Kyanitt | |||
| |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Nesosilikat | ||
Kjemisk formel | Al2SiO5 | ||
Strunz-klassifisering | 09.AF.15 | ||
Krystallsymmetri | Triklinsk pinakoidal H–M Symbol: 1 Romgruppe: P1 | ||
Einingscelle | a = 7,1262(12) Å, b = 7,852(10) Å, c = 5,5724(10) Å α = 89,99(2)°, β = 101,11(2)°, γ = 106,03(1)° Z = 4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | blå, kvit, sjeldan grøn, grå, gul, rosa, oransje og svart, kan vere sona | ||
Krystallform | skiveforma; trådaktig; blada | ||
Krystallsystem | Triklinsk | ||
Tvilling | Lamellar på {100} | ||
Kløyv | [100] perfekt [010] uperfekt med 79° vinkel mellom | ||
Brot | Flisete | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 4,5-5 parallell til ein akse 6,5-7 vinkelrett på den aksen. | ||
Glans | glasaktig til perleaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 3,53 - 3,65 målt; 3,67 utrekna | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nα = 1,712-1,718 nβ = 1,720-1,725 nγ = 1,727-1,734 | ||
Pleokroisme | Trikroisk, fargelaus til lyseblå til blå | ||
2V-vinkel | 78°-83° | ||
Kjelder | [1] [2][3] |
Kyanitt eller cyanitt, tidlegare òg kalla disthen, er eit mineral som finst i regionalmetamorfe bergartar og er ganske utbreitt i Noreg. Det er oftast blått og dannar bladaktige krystall med triklin symmetri. Hardleiken varierer frå 5 langsetter krystallen til 7 på tvers av krystallen. Det er eit aluminiumsilikat Al2SiO5. Det finst andre mineral som har den same kjemiske samansetjing (polymorfi), men med heilt ulike eigenskapar: andalusitt og sillimanitt.
Det vert nytta til framstilling av varmebestandig material (tennpluggar) og hovudproduksjonen kjem frå India og USA. Det er førekomstar på Saltfjellet i Nordland som kanskje kan vise seg å vere drivverdige.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Kyanitt. (11. mars 2012). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
- ↑ http://www.handbookofmineralogy.org/pdfs/kyanite.pdf Henta 2018-01-12
- ↑ «Kyanite». MinDat. Henta 14. juni 2013.
- ↑ «Kyanite Mineral Data». Webmineral.com. Henta 14. juni 2013.