Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Krampus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Helsing frå Krampus», tradisjonelt «krampuskort» (Krampuskarte) frå tidleg på 1900-talet. Medan den snille jenta har fått eple, fangar Krampus den rampete guten i konten sin.

Krampus er ein djevelskikkelse eller eit truande monster med bukkehorn som ifølgje folketradisjonar frå Aust-Alpene opptrer i førjulstida. Krampus finst blant anna i opptog saman med Sankt Nikolas, forløparen for den moderne julenissen, på festdagen hans nilsmesse den 6. desember eller på nilsmesseaftan kvelden før. Medan Nikolas deler ut gåver til lydige barn, skremmer og straffar Krampus dei uskikkelege.

Krampus har vore særleg viktig i Austerrike. Der har skikkelsen hatt rolle som Fanden[1], ein folkeleg variant av djevelen, i tillegg til å vera gåveutdelar den 6. desember, på same måte som Nikolas.[2]

Tradisjonar

[endre | endre wikiteksten]
Avisteikning frå 1896 som viser to personar utkledd som Krampus og Sankt Nikolas som vitjar barnefamilie i Wien. Krampus, i maske med bukkehorn og lang tunge, ber gåvene til Nikolas men held samstundes eit trugande ris bak ryggen.
Utkledde «krampussar» (på tysk Krampusse) i tradisjonelt «Krampusløp» (Krampuslauf) i Altaussee i Austerrike. Variantane her blir lokalt kalla Miglon og går kvar 5. desember i skrikande grupper frå hus til hus. I følgjet er òg den gjevmilde Sankt Nikolas som held krampus-udyra i lenkjer.
Foto: ca. 2013
Ein person utkledd som Krampus ved Morzger Pass i Salzburg.

Opphavet til Krampus er uklart, men visse folkloristar har foreslått eit samband tilbake til germanske skikkar i førkristen tid. Han blir mellom anna sagt å vera son av Hel i Helheim.[3] Tradisjonane varierer gjennom tidene og frå stad til stad, men likskapen med den horna guden til heksene er tydeleg. Bjørkegreiner minner om innvigselsriter i visse heksesamfunn, som inneber å bindast og å bli piska som ei form for liksom-død. Lenkjene kan vera eit kristent forsøk på «å binda djevelen» eller ei leivning av ein heidensk rite.[4]

I Austerrike, Bayern, Ungarn, Tsjekkia, Kroatia, Slovakia, Slovenia og Sør-Tirol har skikkelsen vore kjend under ulike namn sidan mellomalderen[2] og utvikla seg til ein av dei mange følgjevenene eller hjelparane til Sankt Nikolas. Når Nikolas løner snille born med gåver, straffar Krampus dei som har vore ulydige. Han kan til dømes fanga borna i sekken og risa eller banka dei, eller bortføra og i verste fall eta dei. I andre tradisjonar, som den italienske Befana, kjem følgjet om natta og legg igjen godteri og hyggelege smågåver i strømper og skor, eller i staden riskvaster og kolbitar som teikn på at ungane fortener straff. I motsetnad til andre av Nikolas sine følgjevener – mellom dei Knecht Ruprecht («Rupert Knekt») og Christkind (Christkindl, «Kristusbarnet») i Tyskland, Belsnickel (òg kalla Pelzebock, Pelznickel) i Tyskland og tyske miljø i USA, og den opphavleg skremmande «negertenaren» Zwarte Piet i Nederland - kan Krampus opptre som ein flokk av fleire Krampus-udyr.[5]

I fleire byar, først og fremst i Alpane, blir det kvart år arrangert opptog der unge menn kler seg ut som Krampus med horn, skinn og skremmande dyre- og djevelmasker, og larmar gjennom gatene med bjøller, piskar og hyl. Opptoga blir på tysk kalla Krampuslauf («krampusløp»). Det har òg vore tradisjon for Krampuskarten, førjulskort med bilde av Krampus.

  • Perchta (Berchta, Bertha), kvinneleg figur i mørk og lys versjon knytte til vinterOLverv i østerriksk og sørtysk folketradisjon
  • Knecht Ruprecht, gåveutdelar og hjelpar til Sankt Nikolaus i nordtysk tradisjon
  • Belsnickel, gåveutdelar med sekk og risekvist i tysk tradisjon
  • Zwarte Piet, «negerslave» som følgjer Sankt Nikolaus og er gåveutdelar på nilsmesseaften i nederlandsk tradisjon
  • Le Père Fouettard, «Fader Pisk» som følgjer Sankt Nikolaus og straffar slemme born i fransk tradisjon
  1. Oppslagsordet «Krampus» i Svensk-tysk ordbok
  2. 2,0 2,1 Oppslagsordet «Krampus» i Heksikon – en eventyrlig oppslagsbok (utgitt 1986) side 234
  3. Sullivan, Kerry (6. desember 2022), «Krampus: The Terrifying Christmas Devil Who Punished Naughty Children», Ancient Origins Reconstructing the story of humanity's past (på engelsk), henta 17. oktober 2024 
  4. [1] Maurice Bruce: Krampus i Steiermark
  5. Om Krampus i Velle Espeland Julenissen og andre nissar (utgitt 2000) side 18–19