Karasjok kommune
Karasjok kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Adm.senter | Karasjok | ||
Areal | 5 453 km² | ||
• land | 5 248 km² | ||
• vatn | 205 km² | ||
Folketal | 2 565 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Norsk målform | bokmål | ||
Samisk språk | nordsamisk | ||
Ordførar | Svein Atle Somby (Ap) | ||
Kommunenr. | 5610 | ||
Karasjok kommune 69°28′20″N 25°31′08″E / 69.47223°N 25.51885°E | |||
Kart som viser Karasjok kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Karasjok | |||
Nettstad: www.karasjok.kommune.no |
Karasjok kommune (nordsamisk Kárášjoga gielda) er ein kommune i indre Finnmark fylke. Han har grense til Finland i sør og aust, og i tillegg til kommunane Porsanger og Tana i nord og Kautokeino i vest. Med ei flatevidd på 5464 km² er Karasjok den nest største norske kommunen, etter Kautokeino.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjarane i kommunen snakkar finsk, norsk og nord-samisk, og kommunen er tospråkleg, med samisk og norsk som forvaltingsspråk. Rundt 80 % av dei er av samisk opphav, og kommunen blir gjerne kalla samehovudstaden. Fleire samiske institusjonar ligg i Karasjokk, mellom anna det norske Sametinget, NRK Sámi Radio, Samisk kunstnarråd og Samisk kunstnarsenter.
I Karasjok kan ein få utdanning på samisk, frå barnehage og grunnskole og seinare på sámi joatkkaskuvla, samisk vidaregåande skole. De Samiske Samlinger og Samisk spesialbibliotek ligg òg i Karasjok. Forlaget Davvi Girji har hovudkontor i kommunen. Den samiske avisa Min Áigi kom ut her fram til 2008. Avløysaren Ávvir har redaksjon i Karasjok og Kautokeino.
Geografi og namnesoge
[endre | endre wikiteksten]Karasjok kommune femner om store delar av Finnmarksvidda. Han ligg langs det øvre elvebekkenet til Tanaelva (Deatnu) og sideelvene Anarjohka og Kárášjohka. Den sistnemnde har gjeve namn til kommunen. Medan johka er samisk for 'elv', kan karas ha to tydingar. Mest truleg er det frå det samiske ordet for 'trefat', men det kan òg koma frå finsk kara som tyder 'buktande'.
Det høgaste fjellet er Vuorji på 1024 moh.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Karasjok har eit subarktisk klima[1] og har den offisielle kulderekorden i Noreg; fyrste nyttårsdag i 1886 vart det målt -51,4 grader.[2]
Tettstad i kommunen
[endre | endre wikiteksten]- Karasjok - 1 746 innbyggjarar per 1. januar 2023
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Tradisjonelt har primærnæringane vore viktigast i kommunen. Framleis driv mange med reindrift, rundt 18 % er på eitt eller anna vis med på dette. Anna jordbruk og tilleggsnæringar som jakt, fiske og bærplukking livnærer òg mange. Husflid knytt til samiske tradisjonar som knivar, klede og sølv er òg ei viktig næring.
Dei fleste er likevel tilsette i kvartiærnæringar, som tenesteyting og offentleg forvalting. Turisme er blitt stadig viktigare for Karasjok.
Kommunikasjon
[endre | endre wikiteksten]Karasjok blir rekna som eit knutepunkt i Finnmark, både for fastbuande og turistar. Europaveg 6 går gjennom kommunen på veg frå Lakselv til Tana. Det finst bussamband med Tana, Vadsø og Kirkenes i austfylket, og Lakselv, Hammerfest, Kautokeino og Alta i vestfylket. Karigasniemi er offisiell grensepost til Finland. Elles ligg kommunen nokså nær to flyplassar, 7 mil frå Lakselv flyplass og 15 mil frå Ivalo flyplass i Finland.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling for Karasjok kommune frå 1920:
1.12.1920[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5] | 1.1.1961[5] | 1.1.1971[5] | 1.1.1981[5] | 1.1.1991[5] | 1.1.2001[5] | 1.1.2010[5] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
885 | 1087 | 1581 | 1693 | 2193 | 2542 | 2648 | 2690 | 2877 | 2789 |
Verd å vitja
[endre | endre wikiteksten]- Karasjok gamle kyrkje, den eldste attståande kyrkja i Finnmark
- Sametingsbygningen
- Samisk kunstnersenter
- De samiske samlinger, nasjonalt museum for samisk kultur
- Temaparken Sápmi
- Turstien Ássebákti
Kjende folk frå Karasjok
[endre | endre wikiteksten]- Ole Nilsen Ravna (1841-1906), krysset Grønland med Fridtjof Nansen i 1888
- Samuel Balto (1861-1921)
- Matti Aikio (1872-1929), forfattar
- Kirsten Svineng (1891-1980), «Mamma Karasjok»
- Iver Jåks (1932-2007), biletekunstnar og skulptør
- Kjell Harald Sæther (f. 1948), politikar, ordførar (Ap)
- Egil Olli (f. 1949), politikar, sametingspresident, fødd i Porsanger
- Mari Boine (f. 1956), songar
- Frode Fjellheim (f. 1959), komponist, voks opp i Karasjok
- Sverre Porsanger (f. 1963), skodespelar
- Tor Mikkel Wara, (f. 1964), politiker (FrP), justis-, beredskaps- og innvandringsminister
- Laila Somby Sandvik, første samiske barneombud
- Jan Egil Brekke (f. 1974), fotballspelar
- Hans Norbye (f. 1987), fotballspelar
- Susanne Næss Guttorm (f. 1996) Miss Universe Norge 2018
- Inga Ravna Eira, forfattar
Sjå også
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Dette er Kautokeino kommune - Guovdageainnu suohkan», www.guovdageainnu.suohkan.no, henta 7. desember 2023
- ↑ Vuolab, Siv Eli (9. november 2010), «Kulderekord i Karasjok», NRK (på norsk bokmål), henta 7. desember 2023
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Karasjok 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå