Vegen gjennom Tokagjelet vart stukke ut kring 1890, bygginga starta i 1903 og vegen opna i 1907. Store parti er bygd med handkraft medan arbeidarane hang i tau i han glatte fjellsida. Dette vart gjort fordi vegen manglar naturleg fundament.
Ny veg med fire tunnelar vart teken i bruk på 1960-talet. Dette er tunnelane Snauhaugen på 349 meter, Hansagjel på 697 meter, Tokagjel på 408 meter og Fossagjel på 365 meter.
Det som er igjen av den gamle vegen utanfor tunnelane var føreslått verna i Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne[4] og halden ved like som gang og sykkelveg.
21. desember 2009 fredetRiksantikvaren Tokagjelet saman med 39 andre vegar omtalt i Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner.
I 2015 vart den rasfarlige strekninga forbi Haukanesberget utbetra ved at 2,3 km ny veg i dagen og i tunnel, Folkedalstunellen (1370 meter), vart anlagt. Utbetringa kosta 274 millionar kroner.[5]