Fritz Haber
Utsjånad
Fritz Haber (9. desember 1868–29. januar 1934) var ein tysk kjemikar. Haber fekk Nobelprisen i kjemi i 1918 for arbeidet sitt med utviklinga av syntetisk ammoniakk, eit produkt viktig for kunstgjødsel og eksplosiv. Saman med Carl Bosch utvikla Haber Haber-Bosch prosessen for framstilling av ammoniakk.
Under første verdskrig arbeidde Haber med utvikling av klorin og andre giftgassar, noko som la grunnlag for ei kjemisk krigføring. Trass i dei store bidraga sine til tysk krigsinnsats, vart han tvinga til å flytta frå Tyskland i 1934, men døydde kort tid etter. Haber hadde jødisk bakgrunn, og nazistane sette mykje inn på å forfylgja jødane.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nobel e-Museum - Fritz Haber
- Charles Daniel, Master mind: the rise and fall of Fritz Haber, the Nobel laureate who launched the age of chemical warfare (New York: Ecco, 2005), ISBN 0-06-056272-2
Denne kjemiartikkelen som har med Tyskland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.