Friends av Elton John
Friends Filmmusikkalbum av Elton John | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. mars 1971 | |
Innspelt | September 1970 | |
Studio | Trident Studios i London | |
Sjanger | Filmmusikk, softrock | |
Selskap | Paramount | |
Produsent | Gus Dudgeon | |
Elton John-kronologi | ||
---|---|---|
Tumbleweed Connection (1970) |
Friends | 17-11-70 (1971) |
Singlar frå Friends | ||
|
Friends er det fjerde albumet til Elton John og Bernie Taupin, spelt inn før det store gjennombrotet deira i USA. Det vart spelt inn som musikken for filmen Friends og kom ut 6. april 1971 i USA. Tittelsporet vart ein liten hit i USA og nådde 34. plass, trass i at filmen gjorde det dårleg. Albumet vart nominert til Grammyprisen i 1972 for beste originale filmmusikk.[1]
Utanom den originale vinylutgåva frå 1971, har albumet aldri kome ut på ein eigen CD, men Friends-musikken finst på den doble CD-plata Rare Masters (1992) som spor 10–19 på eine plata, men med songane i ei anna rekkefølgje enn den originale LP-utgåva. Skilnaden er at «Michelle's Song» har byta plass med «Honey Roll» og «Variations on Friends».
Tidleg i 1970-åra framførte Elton John songane «Friends» og «Can I Put You On» på konsertane sine. Sistnemnde finst mellom anna på konsertalbumet 17-11-70 (kalla 11-17-70 i Nord-Amerika).
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Bernie Taupin og Elton John.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Friends» | 2:20 |
2. | «Honey Roll» | 3:00 |
3. | «Variasjonar on 'Friends'» | 1:45 |
4. | «Theme (The First Kiss)/Seasons» | 3:52 |
5. | «Variasjonar on Michelle's Song (A Day in the Country)» | 2:44 |
6. | «Can I Put You On» | 5:52 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Michelle's Song» | 4:16 | |
8. | «I Meant to Do My Work Today (After All a Day in the Country)» | 1:33 | |
9. | «Four Moods» | Paul Buckmaster | 10:56 |
10. | «Seasons Reprise» | 1:33 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Elton John: piano, vokal
- Caleb Quaye: gitarar
- Dee Murray: bassgitar, vokal
- Nigel Olsson: trommer, vokal
- Paul Buckmaster: orkesterarrangement
- Rex Morris: saksofon
- Madeline Bell, Lesley Duncan, Kay Garner: korvokal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Friends (soundtrack)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2011.